Ingvild trenar til Femundløpet. – Eg gler meg, men eg gruar meg også veldig
Etter fleire år med hundekøyring er Ingvild Bjåen klar for den største utfordringa så langt. I februar står Femundløpet for tur – eit løp som er meir enn dobbelt så langt som det lengste ho har køyrd tidlegare.
Haustlufta er klar, og gradestokken viser fire minusgrader denne oktobermorgonen ved Steinbakken på Rauland.
Ingvild Bjåen (25) er i gang med å sele opp dei 14 hundane som skal brukast i dagens trening.
– Eg startar med å ta ut dei rolegaste, smiler ho.
Dess fleire hundar som kjem på plass, dess meir lyd blir det. Etter ein liten halvtime er alle klare for dagens økt. Turen går til Kråmviki og tilbake, ein treningsrunde på 23 kilometer.
Prøvetur blei til hobby
Ingvild studerer til å bli lærar gjennom ei nett- og samlingsbasert utdanning, samstundes som ho jobbar innan helse. Fritida går i stor grad til hundekøyring og trening for kennelen Telemark Husky, som blir driven av Merete Neset og Espen Bitubekk.
– Det er travelt. Det går mykje tid til hundetrening og jobb. Det er det det går i, men eg likar det, smiler ho.
Interessa for hundekøyring starta då Merete og Espen trong hjelp i kennelen for tre-fire år sidan.
– Eg tenkte «kvifor ikkje berre prøve». Eg er veldig glad i hundar og dyr generelt. Eg var med på nokre treningsturar og vart berre meir og meir hekta, smiler ho.
Sidan har ho halde fram.
Ingvild har tidlegare køyrd andre småløp – Synnfjell og Gausdal, der det lengste ho har køyrt er 20 mil.
No er målet å stille til start i Femundløpet, eitt av dei mest kjende hundeløpa i landet.
– Femundløpet, i tillegg til Finnmarksløpet, er jo det som er det store for mange. Eg har lyst på ei ny utfordring saman med hundane og vil prøve meg, seier ho.
Håpar på tidleg vinter
Løpet ho skal førebu seg til er på 450 kilometer.
– Det er over dobbelt så langt som det eg har køyrd tidlegare. Det blir spennande, og det krevst mykje trening fram mot det.
For tida blir det om lag fire treningsøkter i veka, av og til fem, men mengda og lengda vil auke etter kvart som løpet nærmar seg.
– I januar vil treningsturane vere veldig lange.
Samtidig understrekar ho at kvile er ein viktig del av opplegget.
– Det er også viktig med treningsfrie dagar.
Ho håpar dessutan at vinteren kjem tidleg i år, slik at dei får trene lenge på snø.
– For min del kan gjerne vinteren koma no – eg er veldig klar, smiler ho.
– Skulle gjerne hatt med alle
Sjølv om det i dag er med 14 hundar på trening, er det ikkje alle som blir med til Femundløpet.
Ingvild fortel at ho har elleve hundar i full trening, men at ho berre kan stille med åtte i løpet. Nokre dagar før avreise blir det gjort eit endeleg uttak.
– Eg tenkjer mykje på kven av bikkjene som skal vere med. Nokre av dei er eg sikker på, medan andre må eg vurdere.
Ho innrømmer at valet ikkje blir enkelt.
– Eg skulle gjerne hatt med alle saman, eigentleg.
Ho fortel at ho har eit godt forhold til hundane, men at det tek tid å byggje gode relasjonar til alle saman.
– Men ein blir godt kjend med dei på treningsturane og gjennom å vere saman med dei i bikkjegarden. Gje dei masse kos og henge saman, rett og slett.
Mange timar til å tenke
25-åringen fylgjer nøye med på hundane gjennom treninga, men seier at dei som regel er motiverte.
– Dei har vel gode og dårlege dagar dei også, men som regel er dei veldig klare for trening. Dei forstår kva som er poenget, og det er dette dei likar.
Sjølv om mykje handlar om hundane, er ho oppteken av at ho sjølv også må vere godt førebudd.
Ho seier at ho tenkjer mykje på løpet, og at det er like viktig å halde seg sjølv i form som å trene hundane.
– Det hender eg må sparke frå og springe med, for å spare dei mest mogleg, så det er viktig at eg også er i god form, seier ho.
Når ho står bak sleden, kan tankane flyge fritt.
– Det er mange timar ein har til å tenke, smiler ho, men legg til at ho ofte kjem inn i «sona», der ho berre er og fylgjer med på hundane.
Fine naturopplevingar får ho også.
– Det var heilt magisk å køyre under nordlyset, fortel ho.
Gler og gruar seg
Når ho ser fram mot Femundløpet, kjenner ho på både forventning og nervar.
– Eg gler meg, men eg gruar meg også veldig mykje. Eg er redd for alt som kan skje, men ein må jo berre prøve å løyse det på best mogleg måte saman med hundane.
Det er særleg eitt punkt ho allereie har tenkt mykje på.
– Eg gruar meg veldig til den 90-gradarssvingen som går gjennom starten der. Men ein må berre tenkje at det går bra, smiler ho.
Trass i timane med trening og førebuingar er ho ikkje i tvil om kvifor ho held på.
– Det gjev meg energi. Eg elskar å vere med hundane og eg likar å vere ute. Då får eg ein god kombinasjon med dette.