Vinje stakk av med prisen
Stine Beate Mondal Ljostad, kulturskulerektor i Vinje, kunne juble høgt då Vinje blei kåra til årets UKM-kommune i Telemark.
– Eg er heilt skjelven. Eg visste ingenting.
Kulturskulerektor i Vinje, Stine Beate Mondal Ljostad, blei mildt sagt overraska då Vinje fekk årets UKM-pris på UKM Telemark i Bø i helga.
Heidi Bekkevold, festivalansvarleg for UKM frå Telemark fylkeskommune, las opp grunngjevinga:
UKM-prisen går til ein kommune som har gjort eit spesielt stykke arbeid for å satse på UKM i sin kommune. I år er det ein kommune som har hatt eit ganske så stort fokus på unge arrangørar. Dei unge arrangørane har vore med i alle ledd i heile gjennomføringa, dei har planlagt, vore konferansierar, hatt workshops, styrt ljos og lyd. Mange av dei er her i dag, og prisen er ein liten pengepott, og så er ein med i trekninga til å bli Noregs UKM-kommune. Årets UKM-kommune i Telemark er Vinje!
Jubelen stod brått i taket, ungdom frå Vinje tok imot prisen, og kulturskulerektoren blei veldig, veldig glad.
Aktørar frå Vinje kom raskt bort til Stine for å fortelje at dette var fortent. Rektoren seier til VTB at dei har bruka mykje tid på inkludere fleire unge i UKM.
– Det skal vere rom for dei som ikkje nødvendigvis vil stå fremst på ei scene. Me treng lyd, ljos og ein stor rigg for å kunne arrangere UKM. Eit «crew» er veldig viktig!
Stine har søkt pengar og jobba med å gjere det attraktivt å jobbe i crewet. At fleire ungdommar er med og riggar til UKM avlastar også lærarar i kulturskulen.
– Dette var ordentleg moro! strålte ho, mens elevar knipsa bilete av ho og diplomet som blei med heim til Vinje sundag.