Kameratane syng om noko som kjennest ekstra nært
Peter, Bendik, Gustav og Leon i bandet BulletProof stod laurdag på scena i UKM i Bø med kameraten Yehor. Dei framførte ein song med sterk bodskap.
Signe Marie Holte, Brødskive kl. 3, Julie frå Øyfjell, Elisabeth og Bulletproof representerte Vest-Telemark på scena i UKM Telemark laurdag. Imponerte publikummarar fekk ei god blanding av alt frå vakker solo-song til tøffe band-innslag frå vesttelane.
Bandet BulletProof frå Treungen, med band-medlemmane Leon Vee Tveit (15), Gustav Fjalestad Grundt (15), Yehor Yefymenko (14), Bendik Gautefald (15) og Peter Stokstad Nielsen (14) spela ei låt som tyder litt ekstra for dei, og då særleg for vokalist og gitarist Yehor som kjem frå Ukraina.
– Songen handlar om krig. Det blir jo litt meir «deep» for oss når Yehor syng. Det kjennest meir nært, seier Leon.
Dei andre nikkar. Songen «One day» er skriven av dei alle – saman.
– Det er ein fin song, seier Yehor.
Han fortel at det er fint for han å synge og tenke på at det ein dag skal bli fred.
– Eg tenker på Ukraina når eg syng.
Gutane i BulletProof har spela i band saman i fleire år. Yehor har nå vore del av gjengen i eitt år. Bandet er fornøgde med framføringa på fylkesmønstringa laurdag.
– Me fekk ut tilnærma potensialet, seier Gustav og Peter.
Peter på gitar, Bendik på bass, Gustav på keyboard, Leon på trommer og Yehor på gitar og vokal hausta stor applaus for den kule låta deira. At det var litt smårusk her og der, ifølgje gutane, fekk i alle fall ikkje VTB med seg.
Skal gje alt
Sundag står 4 steps, Hakkepeiling, Ivan Vypenko, Fabolous8, Marie Solberg, Sigrid Langen og Ritzz på scena på vegner av Vest-Telemark.
Bandet Ritzz frå Vinje har spela saman eit år. Torjus Mondal Ljostad (18), Sondre Mølster-Byggland (15), Baste Mondal Ljostad (15), Liv Mondal Ljostad (16) og Sunniva Tveito (16) gler seg til framføring.
– Det går framover, seier dei, når me spør korleis det kjem til å gå.
Me blir einige om at spørsmålet var litt uklart. Når det gjeld korleis det kjem til å gå vidare i konkurransen, så kan dei jo ikkje svare på det endå.
– Me har ikkje sett alle dei andre endå, seier Baste, og legg til; men eg trur me har ein sjanse.
– Me skal gje alt, er dei alle einige om.
Kjem til å bli nervøs
Marie Solberg er 13 år og kjem frå Nissedal. Ho skal synge songen «Not about angels» sundag.
– Det blir spennande, seier ho.
Ho tok songtimar i kulturskulen då ho var yngre, og starta opp att igjen i haust.
– Det er ein morosam hobby som ein kan drive med når ein vil, seier ho om synginga.
Ho øver ein god del, syng i eit band og åleine. Ho er for ung til å kome vidare til UKM Noreg, men seier det er veldig moro å vere på fylkesmønstring.
– Eg gler meg til å synge. Eg kjem til å bli litt nervøs, men så pleier eg å riste det av meg.
Kven som går vidare til den nasjonale UKM-festivalen i juni får deltakarane vete om cirka ei veke, seier Heidi Bekkevold, koordinator UKM og Telemark Ungdomsråd.