Signe Marie Holte på raud løpar i Bø.

Signe Marie (12) sette spor: – Fint å få folk til å bli glade

Det var ganske så stille i salen då Signe Marie Holte (12) song på UKM fylkesmønstring i helga. Publikum ville ikkje miste ei einaste tone som kom trillande ut frå Kviteseid-jenta.

Publisert Sist oppdatert

– Det kan umogleg bare vere meg som blei rørt og fekk gåsehud, sa konferansieren på UKM Telemark etter at Signe Marie Holte (12) hadde vore på scena i Gullbring i Bø laurdag.

Og VTB kan stadfeste at det ikkje bare var konferansieren som blei rørt då Kviteseid-jenta song «Hallelujah» av Leonard Cohen i Alexandra Burke-versjon. Applausen runga godt då Signe Marie gjekk av scena. 

– Eg er litt fornøgd, seier 12-åringen, når me møter ho i greenrom etterpå.

– Litt fornøgd? Du høyrde at publikum var kjempefornøgde?

– Eg skulle ønske eg ikkje var så nervøs. Eg vil bare synge og kose meg, seier ho, og smiler.

Ho synest ho har sunge «Hallelujah» så mange gonger nå at ho ikkje bør tenkje så mykje. Ho trur ho har sunge songen 20 gonger heime før ho kom hit. To gonger har ho sunge han for publikum tidlegare.

– Og så skal eg synge han i kyrkja med Vrådalskoret til veka, fortel ho.

På UKM-scena i Gullbring.

Har songen inne i meg

Signe Marie har sunge for folk sidan ho var sju år.

– Min første song var Sjiraffen laffen, ler ho.

Det går ikkje så mykje i sjiraffar lenger, men songen er like viktig som i dei fyrste barndomsåra i Kviteseid.

– Eg har songen inne i meg. Viss eg er stressa kan det funke å synge. Eg tenker mykje, og det er godt å få det ut gjennom songen.

Ho speler gitar og har også prøvd å skrive litt sjølv.

– Eg jobbar med ein song nå, han heiter «Stars in the dark», fortel ho. 

– Kva tenker du om at konferansieren seier ho får gåsehud av å høyre på deg?

– Det er kult, det! Då føler ein at ein har gjort jobben sin. Det er fint å få folk til å bli glade og rørt. At folk ikkje bare høyrer, men skjønar kva ein syng om.

– Eg tenker mykje, og det er godt å få det ut gjennom songen, seier 12 år gamle Signe Marie.

Mamma køyrer hit og dit

Signe Marie både kvedar og syng, og trass sine unge år byrjar 12-åringen å få lang erfaring i å stå på scene. VTB lurer på kva ho liker best, kveding eller synging?

– Det kjem an på kven eg framfører for. Eg syng ikkje pop for besteforeldre, svarar ho.

Frå UKM Telemark går nokon vidare til landsfinalen i UKM. Signe Marie har ikkje moglegheit til det fordi ho er for ung endå. Det synest ho er dumt. Ho er likevel veldig fornøgd med turen til Bø denne helga, og er tydeleg på at mamma Tone er viktig for musikkarrieren hennar.

– Ho støtter meg, køyrer meg hit og dit og finn klede til meg. Mamma er viktigast for meg.

På UKM i Bø har ho på seg mammas gamle diesel-boots.

– Du må få dei med på bilete. Dei er jo det viktigaste med heile antrekket, smiler ho. 

Signe Marie med mammas gamle boots.
Powered by Labrador CMS