Høydalsmo Skule

Det har blitt ein tradisjon å hjelpe barn i Gambia til å få gå på skule

Med song, spøkelseshus og vaffelsalg samla elevene ved Høydalsmo skule inn pengar slik at fleire barn i Gambia kan få gå på skule.

Publisert

Aksjonskvelden for UNICEF Schools for Africa er ein årleg tradisjon på Høydalsmo skule. Kvelden blir arrangert kvart år i oktober, og har vore arrangert i over 15 år. 

I år var det også fullt hus.

– I dag har det vore veldig bra. Det har vore fullsett sal, og det har vore kø både til aktivitetane til elevane og i kiosken, seier lærer Elin Solbu (42).

Lærte om Gambia

Kvelden starta med at elevar frå 9. klasse fortalde kva pengane skal gå til. Pengane blir samla inn til skulegang for barn i Gambia. Der har mange barn ikkje råd til å gå på skule, og for andre er skulevegen altfor lang. 

– Det må jo vere at nokre fleire av dei 60 000 utan skuleplass i Gambia får gå på skule, seier Solbu om kva ho håpar pengane skal bidra til.

Deretter song borneskulen «Me songen», og 1. og 2. klasse fortalde om barn sine rettar.  

Bodar og aktivitetar

I pausen kunne publikum besøke forskjellige bodar elevane hadde sett i stand. Der kunne dei gjette vekta på godteri, spele curling, og kaupe tennbrikettar, kjøleskåpmagnetar og kjeks. 

Dei modigaste kunne vitje eit spøkelseshus, der «skodespelarar» med skumle masker tok imot. I kantina var det sal av kake, vaflar og saft. 

Det var elevane sjølve som stod for det meste.

– Det er elevane sjølve som har laga ting til sal. Me lærarar har hjelpt litt med planlegginga, men elevane planlegg det meste sjølve. Me har brukt av timane til å lage ting og tang til sal, seier Solbu.

Kvelden vart avslutta med premieutdeling, og «Bli med»-dansen for alle. 

Urettferdig at me har det så bra

For elevane Marte Rui Nesteståg (15) og Ylva Djuve (13) handlar kvelden om barnerettar. 

Marthe Rui Nesteståg og Ylva Djuve

– Alle barn burde ha rett til å gå på skule. Eg tenkjer i alle fall at det nesten er litt urettferdig at me har det så bra. Då er det fint å bidra, slik at dei også skal få det så bra, seier dei.

Dei minner om at små summar vert store når mange gjev.

– For oss er 15 kroner ganske lite å donere for ein aktivitet. Men når det er fleire som gjer det, vert det mykje. Så kan det bety ein skule for dei der nede.

Ifølgje elevane blei det samla inn 38 000 kroner til UNICEF-prosjektet i fjor.

Del av større innsamling

Teamleiar Elin Solbu

Aksjonskvelden heng saman med resten av innsamlinga skulen gjer for UNICEF. Ungdomsskulen har hatt arbeidsdag, og barneskule-elevane har sprunge UNICEF-runden.

– Då er det greitt å samle inn til same føremål på alle aktivitetane vi har. Og det er fint at me som jobbar på skule samlar inn til utdanning, seier Solbu.

Skulen har ikkje sett noko mål for kor mykje som skal samlast inn.

– Me samlar inn det me får, og det kan variere frå år til år. Eg håpar folk sit att med ei god kjensle av at dei har støtta ei god sak, seier ho.

Powered by Labrador CMS