Jordbruksoppgjeret:

Bondelaget er svært skuffa over tilbodet frå staten
Bøndene kravde to milliardar, medan tilbodet frå staten er 805 millionar i årets jordbruksoppgjer.
Staten la fram sitt tilbod i årets jordbruksforhandlingar i dag, 7. mai. Telemark bondelag fortel i ei pressemelding at det i jordbruket, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag var knytt stor spenning til tilbodet frå staten.
Men dei vart svært skuffa, då det er stor avstand på næringa sitt krav om to milliardar og staten sitt tilbod på 805 millionar kroner.
Fylkesleiar i Telemark Bondelag, Trude Flatland frå Rauland, er svært skuffa og kommenterer tilbodet frå staten slik:
- At regjeringa ikkje ønskjer å prioritere matproduksjon like sterkt som oss er rett og slett vanskeleg å forstå, i ei svært uroleg tid der sikker tilgang til mat er eit stort tema. Det som er minst like oppsiktsvekkande er at staten legg opp til at inntektsgapet mellom landbruk og andre grupper, som ser ut som kan bli tetta i 2025, nå skal auke igjen for 2026. Det kler ikkje Arbeidarpartiet at dei ikkje viser vilje til å løfte dei inntektsgruppene som ligg lågast. Det er ikkje partiet verdig!
Ifølge bondelaget legg kravet deira på to milliardar kroner opp til ei gjennomsnittleg auke av inntektsmoglegheit på 27 500 kroner per årsverk, medan tilbodet frå staten legg opp til eit inntektsgap mot andre yrkesgrupper på 8 700 kroner per årsverk.
Meiner tilbodet er godt
Staten meiner sjølv dei legg fram eit godt tilbod.
– Staten legg i dag fram eit godt tilbod som svar på kravet frå eit samla jordbruk, og følgjer opp stortingsmeldingane om auka sjølvforsyning og inntektsopptrapping, seier statens forhandlingsleiar Viil Søyland i ei pressemelding.
På regjeringa.no skriv dei at tilbodet legg til rette for full kostnadskompensasjon og auka inntektsmoglegheiter tilsvarande ein auke i jordbrukets samanlikningsinntekt på 15 600 kroner, eller 2,3 prosent, frå 2025, før oppgjer, til 2026.
I 2025 er det budsjettert med at inntektsgapet kan bli tetta alt i 2025. Marknadsutviklinga for mjølk og kjøt spelar på lag. Det bidreg til at inntektene kan auke meir enn det som går fram av materialet. Partane sitt oppdrag frå Stortinget kan dermed gjennomførast med langt lågare rammer enn dei føregåande åra.
Kravet frå jordbruket var levert til staten, altså mat- og landbruksdepartementet 28. april, staten sitt tilbod kom i dag, 7. mai og 16. mai er siste frist for å avslutte årets jordbruksoppgjer.