Åtvarar mot å køyre på utrygg is
Mange køyrer skuter på is- og snødekte vatn om dagen, men ikkje alle vatna er trygge.
Rauland snoskuterklubb åtvara laurdag om utrygg is på si Facebook-side.
Ser det har blitt køyrd på Lognvikvatn i dag. Her er isen ikkje trygg nok, nokon plassar berre 8 centimeter, og det er ikkje stålis. Så ver vennleg å ikkje køyre her, me opnar så fort det let seg gjera.
VTB har spurt Rauland snoskuterklubb om ein kommentar, men dei ønsker ikkje å seie noko meir.
Totak er også utrygt å køyre skuter på. Sundag låg følgande melding på Facebook.
Annonse
Løype 9 frå Hylland til Totak er no opna, men ikkje lenger, grunna at det ikkje er trygg nok is på Totak.