Andreas og Tarjei Midtbøen meiner dei såg ulv 10 meter frå hundegarden heime i Ordal sundag kveld.

Andreas (15) og Tarjei (11) er sikre på at dei såg ulven rett bak huset

Bikkjene skvakka i luftegarden, og brørne Tarjei og Andreas Midtbøen gjekk ut for å sjå kva hundane reagerte på. Rett bak heimen fekk dei sjå det dei meiner var ein ulv.

Natt til laurdag vart det observert ulv i Seljord, og ulven tok også ei søye og fem lam som gjekk på innmarksbeite på prestegarden i Seljord. Statens naturoppsyn stadfesta sundag at det var ein ulv som streifa gjennom Seljord.

Sundag ettermiddag starta gråhundane brått å skvakke veldig utanfor heimen til Midtbøen i Ordal. Brørne Tarjei og Andreas gjekk ut for å sjå kva hundane reagerte på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 10 meter frå hundegarden fekk me sjå ein ulv, fortel Andreas som fekk fram mobilen og filma ulven medan den forsvann oppover hogstfeltet.

Mor til gutane, Anne Ragnhild Kvålseth Midtbøen, fortel at ho var med Tarjei og Andreas ut sidan ho visste om ei elgbikkje som var sakna i området, og at det kanskje var den som hadde kome ned til hundegarden deira.

– Hunden som er sakna var av vår oppdrett, og ville kanskje kjenne att stemma vår om me ropa på han. Då me såg dyret bevega seg, forstod me raskt at dette ikkje var ein «gråhund». Rova hang ned og dyret «sluntra» oppover i snauhogsten, til forskjell frå ein elghund som meir ville ha hoppa over kvistane med framleis krølla hale, seier Midtbøen.