Sara Fjågesund Aase.

Meiningar

Museumsobjekt eller levande språk?

Takk til Ivar Barstad som lyfter fram debatten om nynorsk og dialekt i Seljord kommune. Me blir etterkvart færre som snakkar dialekt og som skriv nynorsk her i Vest-Telemark. Eg har alltid hatt sterke målfolk rundt meg som eg har lent meg på. No tynnast det i rekkene, og eg byrjar å forstå at min generasjon må på banen for å kjempe for levande dialektar her i Vest-Telemark, og for nynorsk skriftspråk.

I Seljord er det færre born og unge som snakkar dialekt enn før, og fleirtalet vel no vekk nynorsk når dei kjem på ungdomsskulen. Om ein ikkje snart tek grep, blir me som snakkar dialekt til museumsobjekt som kan stillast ut på Vest-Telemark museum. Der kan me stå i bunad bak ein glasvegg, med ein fin, grøn knapp på veggen ved sidan av som besøkande kan trykke på for å høyre ein autentisk versjon av Vest-Telemark-dialekta. Me er ikkje mange til å ta vare på dialektane her i Vest-Telemark, men dei høyrer til her i dette landskapet. Sogene, folkevisene, balladane og slåttesogene vil miste mykje av særpreget sitt om ein skal fortelje dei på andre målføre. Forsvinn dialekta, vil ein også miste mykje av identiteten og tilhøyrsla vår. Det må me ikkje la skje!

Haldninga om at nynorsk skriftspråk og dialekt er viktig, må koma ovanfrå, frå leiinga i kommunane, og må strøyme nedover i organisasjonen. Svaret ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen, gav Ivar Barstad, er diffust og uklart. Ordføraren kallar seg stolt brukar av Vest-Telemark-dialekta, og seier at Seljord kommune skal vera ein aktiv formidlar av nynorsk språk og lokal dialekt. I neste andedrag seier ho: «Samtidig er det viktig å understreke at både elevar, familie og tilsette har ulik språkleg bakgrunn og identitet, og kommunen ynskjer å møte mangfaldet med respekt». Kva meiner ho med det?

Sjølvsagt skal me vera opne mot dei som flyttar til kommunen vår. Me skal møte dei med respekt, det er jo heilt klart. Men det er jo ikkje noko motsetnad i å møte folk med respekt, og likevel understreke at i Seljord skriv me nynorsk og her er me stolte av dialekta vår. Det er eit ordtak som seier at «ein skal ta skikken der ein kjem». Eg meiner at me bør vera tydelege på kva for verdiar me vil formidle til dei som vel å flytte til Seljord og til Vest-Telemark. Me må tørre å vera stolte av det me har her! Det er faktisk ingen andre stader i landet dei snakkar denne dialekta enn akkurat her. Det tyder også at det bare er me som kan ta vare på den. Enkeltpersonar klarar ikkje dette aleine, her må det ei organisert satsing til.

Seljord kommune, og andre kommunar i Vest-Telemark, må tørre å satse på det som er spesielt for oss. Språket er ein sterk del av identiteten, kulturen og tradisjonane våre. Kommunane må bruke nynorsk og dialekt for å selge regionen ut til turistar! Ein må vera tydeleg på at det er nynorsk som er skriftspråket som skal brukast i all undervisning i grunnskulen, og i all kommunikasjon med foreldre. (Her er det forbetringspotensiale!) Ein må sende tilsette som er usikre på korleis ein skriv nynorsk på kurs og gje dei rettleiing i korleis ein skriv god nynorsk. Ein må vera tydeleg på at nynorsk og dialekt er eit viktig satsingsområde!

Sara Fjågesund Aase

Powered by Labrador CMS