Helene Oma Dahle (f.v.), Kari Helene Tveit, Emma Sophie Anderssen og Mari Gjerlid Opsund er klare for fire dagar med 4H-leir.

70 ungdommar frå heile fylket klare for 4H-leir

Dei to Vest-Telemarkklubbane Tiuren og Trenissen 4H samarbeider i år om å arrangere fylkesleir. Ungdom frå fjorten ulike klubbar er denne helga samla til leir i Nissedal.

Torsdag kom dei fyrste telta opp i Kyrkjebygda. 4H-ungdom frå både Vestfold og Telemark har tatt turen til Nissedal for å delta på det, som for mange er sommarens høgdepunkt, 4H-leir. 

Mari Gjerlid Opsund er klar for 4H-leir i Nissedal, og syner fram lavvoen der fem av jentene frå Brunkeberg skal sove.

I år er det to Vest-Telemarksklubbar som står som arrangør, Trenissen 4H frå Nissedal og Tiuren 4H frå Brunkeberg. Trenissen har i mange år hatt lyst til å arrangere fylkesleir, og er  glade for at Tiuren vil bli med å arrangere. For dette er eit stort arrangement.

Martin Westvang, Viktor Ugland, Vilde Eikeberg og Vetle Eckdahl Book kjem frå Tønsberg og var torsdag i full gang med å sette opp teltet dei skal sove i på leiren.

Mange aktivitetar

Emma Sophie Anderssen (12) frå Nissedal og Mari Gjerlid Opsund (13) frå Brunkeberg fortel om eit rikhaldig program dei neste fire dagane. Her blir det kanopadling, luftgeværskyting, fjellturar, fisking, riding, baking, spikking, veving og linotrykk. 

Emma Sophie Anderssen og Mari Gjerlid Opsund fortel om mange aktivitetar. Dette utstyret kjem frå «Energikampen».

Og så blir det volleyballturnering. Og Mari avslører at Tiuren 4H har spela ein del volleyball i det siste, for å førebu seg til leiren. 

På sletta ned mot Nisser er ungdommane delt inn i ulike tun. Og det er noko av det dei er mest spente på – kven dei hamnar på tun med. For det å bli kjent med nye ungdommar er noko av det som er moro når ein er på leir. 

Medlemmene frå Tiuren 4H i Brunkeberg og Stjerneblink 4H i Tinn har møtt kvarandre på leir før. Anne Marie Schia-Gjersund (f.v.), Helena Haugholt Aarhus, Dise Lundeberg Krosbakken, Elise Gjerlid Opsund, Sofie Øverland Lauluten og Hannah Sofie Hendriks Flatin.

Ungdomsleiarar

Fylkesleiren er i utgangspunkt for ungdom mellom 12 og 14 år. Kari Helene Tveit og Helene Oma Dahle er med som ungdomsleiarar.

Kari Helene er 17 år, er med i Trenissen 4H, og har vore både på landsleir og nordisk leir før.

– Og det som er fint med å vere på leir er at ein møter nye folk frå andre stader og får vere med på mange kule aktivitetar, seier ho. 

Mange av leirdeltakarane stiller i grøne bukser som dei har sydd sjølv. På buksene skal ein helst ha nokre leirminne, og det er ikkje vanskeleg å sjå at Helene Oma Dahle har vore på leir før. – Eg har vore på leir sidan 2014, så denne buksa er 11 år, fortel ho.

Helene har også vore medlem i arrangørklubben Trenissen. Nå er ho alumn. Og ho synest det er gøy at det nå vert arrangert fylkesleir i heimkommunen.

Terje Nilsen Haugen frå Tiuren 4H er leirsjef. Torgunn Hovland Tveit er klubbrådgjevar i Trenissen 4H, og fortel at det er ungdommen sjølv som har ansvar for å organisere leiren. – Men me er her i bakhand, seier ho. At Tiuren 4H ville vere med å arrangere leiren er ho veldig glad for.



Powered by Labrador CMS