Telemarkkanalens vener og Tokke båtlag har samarbeidd om å setje fyrlyktene i Bandak i stand att.
Telemarkkanalens vener og Tokke båtlag har samarbeidd om å setje fyrlyktene i Bandak i stand att.

No lyser fyrlyktene att

I haust har entusiastar i Telemarkkanalens vener og Tokke båtlag samarbeidd om å setje i stand fyrlyktene i Bandak.

– Det har truleg ikkje vore ljos i lyktene sidan anleggstida under kraftutbygginga på 1960-talet, trur Helge Øverbø, styremedlem i Telemarkkanalens vener.

Venelaget har finansiert og montert ljos i lyktene på Ivarsflaten og Høgnesodden langs Bandak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me førebudde monteringa tidlegare i haust ved å skifte ut glas og montere batteriskåp. Sist laurdag var monteringa sluttførd då me fekk på plass LED-lamper og solcellepanel. Me ynskjer å rette ein stor takk til Tokke båtlag som har måla lyktene, rydda rundt dei og sett opp stolpar til solcellepanela, seier Øverbø.

Samarbeid

Det er båtlaget som skal ha tilsyn med lyktene, medan venelaget skal stå for vedlikehald og eventuelle reparasjonar av dei elektriske installasjonane.

– På grunn av lite solljos til lading av batteria vinterstid, er lampene utstyrt med innebygde tidsur som slår av ljoset i perioden 1. desember til 1. mars, forklarer Øverbø.

Etterlyser meir historie

Det manglar ei lykt på Digernes i Bandak. Lykta som tidlegare stod der, blei øydelagt av eit steinras.

– Me har søkt Kystverket om å få overta ei utrangert lykt som kan setjast opp på staden. Elles er me framleis på jakt etter historier som har tilknyting til fyrlyktene i Bandak. Gjerne tidspunkt for montering og litt om bakgrunnen for dette, avsluttar Øverbø, og legg til at dei også jobbar med å få liv i fyrlyktene lenger ned i kanalen.