Stilte med to utøvarar – hevda seg heilt i toppen
Fyresdal idrettslag imponerte og stakk av med gull i ein av dei største svømmekonkurransane for barn og unge i Noreg.
I helga vart Landsdels Årsklassemønstring (LAMØ) arrangert for unge svømmarar rundt omkring i landet. Dei som deltek i LAMØ må kvalifisere seg til det, og totalt var det litt over 1500 unge svømmarar som deltok på stemne i dei ulike regionane i Noreg.
For region sør var arrangementet i Horten. 253 svømmarar frå 26 ulike klubbar deltok i Horten, der Fyresdal idrettslag stilte med to deltakarar – Hæge Reinskås Lunden (født 2015) og Torleiv Greivstad Vik (født 2013).
Idrettslaget informerer på sin Facebook-side at Hæge imponerte stort og tok gull i klassa si på 100 meter bryst. Ho svømte også inn til 4. beste tid i heile Noreg i denne årsklassa. På både 200 meter fri og 100 meter medley tok ho 4. plass. I 100 meter rygg hamna ho på 6. plass og 50 meter butterfly svømte ho inn til 9. plass. Før stemnet var Hæge rangert til 5. plass, og avanserte til 3. plass samanlagt i LÅMØ i region Sør. Dette heldt også til ein 16. plass samanlagt for 2015-årsklassa nasjonalt.
Torleiv Greivstad Vik leverte også sterkt i helga med gode personlege rekordar. Han avanserte frå 20. plass før stemnet, til 14. plass under LÅMØ. Han tok 7. plass på 200 meter bryst, 13. plass på 200 meter rygg, 18. plass 200 meter medley og 20. plass 400 meter fri.