Til høgre; nyslått noregsmeister Birk Øyre Åland. Til venstre faglærar Geir Timland.

Lærar Geir om eleven Birk: – Han gjer det som skal til!

Birk Øyre Åland (17) er noregsmeister i sveising. – Han har vist gode trendar gjennom heile året, seier ansvarleg faglærar, Geir Timland, ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

Publisert

– Det var veldig stas og ikkje minst artig.

Birk Øyre Åland (17) frå Vinje og elev på VG2 Industriteknologi på Dalen, er nyslått noregsmeister i sveising. Han vann fylkesmeisterskapen i Kragerø i mars og representerte derfor Telemark i yrkes-NM på Ringsaker vidaregåande skule i Innlandet førre veke.

– Det var kjempeartig. Han har vist gode trendar gjennom heile året, seier ansvarleg faglærar, Geir Timland, og legg til at det var hard konkurranse om tittelen.

På toppen av pallen.

Artig og interessant

– Eg er glad i handverk og likar å lage ting, noko ein får gjort ved sveising, seier Øyre Åland, om interessa for sveising.

Han blei først introdusert for sveising på TIP i Lunde, og hadde utplassering hos Norsk linjeboring.

– Eg syntest det var artig og interessant. Etter kvart som eg starta på vidaregåande på Dalen, blei det meir og meir sveising. Eg har lært veldig mykje om sveising her.

Øyre Åland seier det er viktig å få med at han har fått god hjelp av lærar Geir. Sjølv synest han at det er vanskeleg å forklare kvifor akkurat han vann NM.

– Men det blei nå jamne og fine sveisar, og det er viktig, kjem det etter kvart.

Han fekk to oppgåver, og ein time og femten minutt til kvar oppgåve.

– Eg synest det gjekk fort. På den første oppgåva hadde eg ikkje meir tid enn eg måtte.

Lærar Timland fortel litt meir om konkurransen. 

– Den eine delen av oppgåva handla om å sveise to plater saman med røyrtråd, og den andre handla om å sette saman to rør og sveise med TIG-metoden. Birk er generelt flink til å sveise og gjer det bra gjennom heile oppgåva. Så er han ekstra flink med finishen på toppen.

Noregsmeisteren i aksjon.

Spenning til siste slutt

Læraren forklarer at det i tillegg til sjølve sveisinga er viktig med rett verneutstyr; sveisemaske, hanskar, kjeledress, og ikkje minst ryddigheit i sveisebåsen.

– Dommarane var opptatt av at ein har alt i orden. Ein må vere nøyen.

Øyre Åland fekk diplom, pokal, medalje, sveisemaske og nokre andre småting i premie. Det var spenning til siste slutt.

– Me fekk ikkje vite kven som kom til topp tre før dei avsløra kven som var vinnaren. Det var spennande, og eg blei litt overraska, seier han.

Noregsmeisteren fortel at han har fått lærlingplass som industrimekanikar. 

– Jobbmessig drøymer eg om å jobbe på oljeplattform.

Ein stolt lærar Timland er ikkje i tvil om at eleven kjem til å klare seg godt.

– Birk gjer det som skal til!

Powered by Labrador CMS