Kommunane får meir makt – på papiret
Stortinget har vedteke å gi kommunane større råderett over eigne areal og samstundes avgrense makta til statsforvaltarane.
Målet er å styrkje lokaldemokratiet og redusere statleg detaljstyring, mellom anna ved å gjere det vanskelegare å fremje innvendingar mot lokale planar utan nasjonal betydning. Framlegget er fremja av Høgre og har fått støtte frå fleire parti, skriv NRK.
Professor Dag Ingvar Jacobsen ved Universitetet i Agder meiner vedtaket ikkje vil få praktiske følgjer på kort sikt. Han peikar på at statsforvaltarane er bundne av gjeldande lovverk, og at det må lovendringar til før maktbalansen faktisk blir endra.
– På kort sikt vil ikkje vedtaket bety noko som helst, seier Jacobsen til NRK.
(©NPK)