Kvifor kjem det inn så mykje meir pengar til TV-aksjonen per innbyggjar i Vinje enn i Skien? Det er eitt av spørsmåla som har dukka opp i løpet av Reidar Skogheims lange karriere som fylkesaksjonsleiar i Telemark.

Nitten år i TV-aksjonens teneste

Publisert Sist oppdatert

Det TV-aksjonen handlar om, er kommunikasjonen mellom bøsseberaren og den som opnar døra.

Dei gode sakene er det viktige for Reidar Skogheim. Organisasjonane, dei gode føremåla som får pengane skal ha merksemda. Han vil ikkje ha blest om sin eigen person. Difor var det greitt å takke for seg etter 19 år som fylkesaksjonsleiar i Telemark. Eitt år før 20-årsjubileet. Han likar ikkje jubileum. Men han er altså levande opptatt av dei viktige temaa som får søkjeljoset retta mot seg kvart år i oktober.

Karrieren som aksjonsleiar starta då han, utan å ha søkt jobben, blei beden om å stille til intervju i Oslo. Sidan den gongen har Skogheim vore med på å koordinere innsamlinga av millionvis av Telemarks-kroner til humanitære og veldedige føremål.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS