
Rekonstruerer stoff frå gamle folkedrakter. No skal studentbedrifta til NM
Fire engasjerte studentar ved USN på Rauland skal i juni representere tradisjonskunstfaget sitt under NM i studentbedrifter i Oslo. Med digital vevstol og Photoshop som verktøy, gjenskaper dei stoff frå folkedraktliv frå 1840-talet.
Bak studentbedrifta Kvesten vev står Sofie Dalheim frå Narvik, Marie Wegener Barstad frå Ersfjordbotn på Kvaløya, Tonje Sofie Sløgedal frå Søgne og Ylva Johanne Hoftun Orre frå Ås – heile andreklassen på tradisjonskunststudiet dette året. Målet til jentene er å gjera mønstervevde stoff som vart brukt i tradisjonelle folkedrakter, tilgjengeleg for handverkarar i dag.
– Me rekonstruerer stoff frå gamle folkedraktliv frå Grungedal frå 1840. Det er litt kult at dei faktisk kjem herfrå, seier Ylva.

– Me har prøva så godt me klarar å gjera det så likt originalane som mogleg, med dei tinga me har tilgjengeleg i dag, seier Sofie.
Jentene analyserer ned til minste detalj – tel trådar, ser på mønsterrapportar og overfører dei til Photoshop. Derifrå blir mønstra overført til ein digital vev, der kvar piksel svarar til ein tråd.
– Det har vore mykje arbeid, men me har lært veldig mykje, seier dei.

Del av studiet
Studentbedrifta vart registrert i januar, og skal i fyrste omgang vare ut semesteret. Grunnen til at bedrifta vart starta, kjem frå valfaget kulturbasert næring.
– Der lærer me korleis ein driv ei bedrift, og etter at Bodil Enger, som er bunadstilverkar, var innom og snakka om at det var behov for slike typar stoff, og me hadde denne digitale veven, så vart det naturleg for oss å velje dette, seier jentene.
– Det er også veldig relevant for vidare arbeidsliv, og kunne litt om digitalvev, seier dei.
Alt blir produsert på bestilling, til bunadstilverkarar og privatpersonar. Stoffet blir bruka både til bunadar, hårpynt og dåpsluer.
– Nokon har til og med snakka om å bruke det til bokbinding, seier dei.
– Det er fint at ein kan bruke det til det ein ynskjer, seier dei.

Jentene fortel at det var mykje meir mangfald i draktene folk gjekk med før, enn det som er i bunad i dag.
– Dei stoffa me har jobba med, er ikkje mogleg å få tak i nokon stad for augeblikket. Det finst ein del rekonstruerte stoff, men det er avgrensa kor mange som held på med det, og som har dei tilgjengelege. Me jobbar med å prøve å få tilgjengeligheten tilbake, seier Ylva.
– Og spreie kunnskapen om det, legg Tonje til.

Har de planar for bedrifta vidare?
– Studentbedrifter fungerer slik at ein kan ha dei i eitt år, så me har moglegheit til å ha den fram til vinteren. Men det blir nok eit travelt studieår neste år, og nokre vurderer utveksling, så då må me nok dessverre stenge ned til sommaren. Men det er kanskje moglegheiter for å ta det opp igjen som eit AS seinare, seier Ylva.
Jentene fortel at dei har hatt mykje kontakt med Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt.
– Me har mykje å takke dei for. Dei har gitt god hjelp, og vore veldig villige til å dele informasjon om stoff og materiale, seier Marie.
– I tillegg har vevlæraren vår, Eli Wendelbo, hjelpt oss mykje med å forstå denne veven her, smiler dei.

Noregsmeisterskap for studentbedrifter
Som ein del av faget, var det obligatorisk å delta på regionsmeisterskapet for studentbedrifter, som vart halde i Larvik tidlegare i mai.
Der skulle dei presentere bedrifta og overtyde dommarane at dei var verdt å satse på. Dei fortel at dei fekk mykje merksemd, og at folk var veldig interesserte.
– Men me vann ingenting, ler dei.
Likevel fekk dei ein billett til NM, sidan det var dei same bedriftene som vann fleire kategoriar.
– Då var det ein ekstra billett, så då fekk me reise til NM likevel, smiler dei.
NM for studentbedrifter vert arrangert i Oslo den 11. juni.
– Det er litt kult at me kan vera med å representere fagfeltet vårt. At det er mogleg med vev og tradisjonskunst i eit meisterskap, seier Ylva.
Dei har ingen annan ambisjon for meisterskapen enn å promotere skulen og fagfeltet sitt.
– Men det er veldig gøy å opne den døra for at det er mogleg for næringslivet å investere i tradisjonshandverk. Sjølv om dei kanskje ikkje ser den moglegheita sjølv, seier Marie.
– Og me gler oss til ein hyggeleg Oslotur, legg Sofie til.
Sjølv om bedrifta blir lagt ned til sommaren, har dei fire jentene fått mykje igjen for arbeidet.
– Me har fått mykje kunnskap, og lært både å arbeide med Photoshop, korleis ein arbeider med den digitale veven, og ikkje minst lært mykje om det å drive ei bedrift, seier Ylva.
– Det har eigentleg gitt litt meirsmak. Eg trur me har forstått moglegheitene som ligg i denne typen arbeid. Det er så mange stoff som berre ventar på å bli rekonstruert. Me får sjå kva framtida vil bringe, smiler Marie.