Gjennomgang: Bak fjøset på Sterke-Nils-tunet ligg gravhaugen der geiter skal beite tre dagar til ende. Tunet på Brenne er opna for gjennomgang til tivoliområdet

Opnar nytt og større område for dyr og aktivitetar

Sterke-Nils-tunet, som frå før omfatta Sterke-Nils-stoga, låve og fjøs, samt buer for handverk, ysting og kinning, har no blitt utvida med store delar av gardsbruket Brenne.

Bak låven og fjøset på Sterke-Nils-tunet ligg Brennehaugen. Dette er ikkje nokon kva som helst slags haug, men ein gravhaug frå jarnalderen. Jarnalderen fann stad rundt fem hundre år før vår tidsrekning, kan Store norske leksikon fortelje. Altså ligg det nokon nedi der som har lege der i to og eit halvt tusen år. Men at dei beitar på eit arkeologisk minne tenkjer vel neppe geitene til Gunnar Haugo på når dei blir sleppte på haugen til ålment skue dei tre dyrskudagane. Truleg er dei ganske blaserte etter å ha trippa rundt i Vå med utsikt over Totak heile sommaren.

Brennehaugen: Nedi der ligg to tusen fem hundre år gamle beingrinder av menneske, meiner arkeologane. No skal geiter klive på haugen.

– Ein oase

Det var kring joletider at stiftinga Seljordsutstillinga Dyrsku’n kjøpte den den 126,4 dekar store landbrukseigedomen Brenne for kring 4 450 000 kroner. Husestaden på Brenne grensar til Dyrskuplassen, og mykje av tun og jord blir no innlemma i utstillingsarealet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brenne: Låven frå 1913 står der ikkje lenger. Den har dei nye eigarane, Seljordsutstillinga Dyrsku'n, rive.

– Det fører til at endå fleire besøkjande vil få nærkontakt med dyr, seier sals- og marknadsleiar i Dyrsku’n arrangement AS, Yvonne Eilefstjønn, som omtalar Sterke-Nils-tunet som ein oase på den elles så travle Dyrskuplassen.

Godvêr i vente: Meteorologane melder fint dyrskuvêr, fastslår sals- og marknadsleiar i Dyrsku'n arrangement AS Yvonne Eilefstjønn.

Forutan geiter kjem det til å vera både kyr og hest i dette hjørnet av marknadsplassen. Elles er det aktivitetar der av ulike slag; som skoing av fjordhest, mjølking, separering, toving, kinning og ysting.

– Der kan ungar få lov til å vera med på rotekte opplevingar som til dømes smiing og andre gamle handverksteknikkar, fortel ho.

Sitjeplassar: Både ved buret på Brenne og lengre ned på det nye området er godt med sitjeplassar for dyrskutråvarar som treng å kvile seg litt.

Spel og smaksopplevingar

På tunet er det sett opp ei hesje, som neppe har blitt tørr den siste veka, og ein slipestein om langljåen skulle bli utynd. Om dette er kulissar for spelet «Myllarguten, Jon Kjos og Åne Kvambekk», som blir synt fram kvar dyrskudag ved middagsbel, eller om dei står der for å lære den oppveksande slekt om korleis landbruket blei drive i nær fortid, veit me ikkje. Men sikkert er det at publikum som streifar innom tunet kan få smaksprøver både på surmjølksostar og det som blir omtala som kulinariske smårettar.

Slik det var: Dei som aldri har drege slipesteinen eller høya ei hesje kan sikkert få prøve seg.

Som kjent blei husdyrtevlinga der kyr og geiter blir dømde, avlyst i år av frykt for smitte av sjukdomen blåtunge. Men fordi om husdyrutstillinga, sjølve kjerna i Dyrsku’n og som staten etablerte alt i 1866, for fyrste gong blei avlyst, blir det likevel dyr å sjå på landbruksmessa.

– Ja, me er opptekne av nærkontakt mellom folk og fe, understrekar Eilefstjønn.

Sterke-Nils-tunet: Framom stoga til kjempekaren Sterke-Nils, som levde frå kring 1720 til 1800, kan ein kvar dag få innsikt i soga om lokalhistoriske spelemenn