LESARINNLEGG

PPT og bornets beste

Eg tenkte eg hadde sagt nok i denne saka, men når Vinje kommunestyre gjer eit slikt vedtak må ein ta pennen fatt.

Fyrst vil eg rose vedtaket frå formannskapet i Vinje kommune, som la opp til at Vinje kommune skulle ha denne viktige tenesta aleine og i eige hus. Det er ryddig å trekkje seg frå eit samarbeid, samstundes som dei attverande kommunane kan fortsette samarbeidet. Då kan ein til og med argumentere med truverd om at nærleik til tenesta er til bornets beste.

Vedtaket som Vinje kommune no har gjort er meir av det gamle. Ein set kommunar opp mot kvarandre, og ein «gløymer» at det allereie eksisterer eit godt fagmiljø. Til og med rådmannsutvalets eigen rapport levert av KS konsulent konkluderte med at eksisterande kontorlokalisering er best.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS