– Utan den dropa hadde havet vore mindre
10 år har gått sidan femten år gamle Eivind Hovden frå Tokke blei skoten og drepen på Utøya. Mange valte å bruke torsdagskvelden sin på Dalen for å minnast han og dei 76 andre som vart offer for terroren i 2011.
– Det er viktig å forstå fortida og nåtida, for å møte framtida, og som før så skal me møte frykt og hat med kjærleik. Ein kan av og til tenkje at det ein gjer ikkje betyr noko, at det berre er ein drope i havet. Men utan den dropa hadde faktisk havet vore mindre, sa leiar av Tokke Arbeidarparti Tove Palmork Haavelmoen.
Arrangørane av minnesmarkeringa var Tokke Arbeidarparti, og programmet bestod av taler, musikk, nedlegging av blomar på minnesmerket og rosetog. Dei som talde i tillegg til Haavelmoen var stortingsrepresentant Lene Vågslid, ordførar Jarand Felland og AUF-ar Ailina Østebø Gaaren.
Eivind Skimmeland, som spelte saman med Eivind Hovden i ungdomsbandet Gul Snø, framførte tre songar.
– Eg var to år yngre enn Eivind, men han brydde seg ikkje om slikt, og me blei gode vener på tvers av klasser. Det er nok mange som vil seie at dei kjente han, nettopp fordi han var så open og venleg mot alle, seier Skimmeland.
Ungdomsarbeidar, og leiar i støttegruppa 22. juli i Tokke Tor Øystein Gravdal kjende Eivind godt. Han har jobba mykje med arrangementet i år, men trur minnestundene for Eivind framover blir rolegare.
– Han stod fram, og var aktiv i alt det han gjorde. Eg var tydeleg på at me ynskte å ha minnesmerket her då det var eit tema, seier han.
Gravdal har passa på minnesmerket kvart år på 22. juli. Saman med ungdomsklubben har han tent fakkel for Eivind kvar veke, og stelt med området rundt.