Til minne om Eivind: Mange møtte fram for å minnast Eivind Hovden, 10 år etter at han blei skoten på Utøya.

Minnemarkering på Dalen 10 år etter terroren, – Aldri gløyme, aldri tie

10 år har gått sidan femten år gamle Eivind Hovden frå Tokke blei skoten og drepen på AUF sin sommarleir på Utøya. Mange valte å bruke kvelden sin på Dalen for å minnast Eivind.

Publisert Sist oppdatert

Arrangørane var Tokke Arbeidarparti, og programmet bestod av taler, musikk, nedlegging av blomar på minnesmerket og rosetog. Dei som talde var leiar av Tokke Arbeidarparti Tove Palmork Haavelmoen, stortingsrepresentant Lene Vågslid, ordførar Jarand Felland og AUF-ar Ailina Østebø Gaaren.

Eivind Skimmeland, som spelte saman med Eivind Hovden i ungdomsbandet Gul Snø, framførte tre songar.

Etter 77 sekund med stillheit, for dei 77 liva som vart tekne, gjekk dei frammøtte samla i rosetog til helsesenteret og tilbake. Politiet stengde av trafikken, og Tokke Arbeidarparti gjekk i front. Alle fekk kvar sin rose då dei kom, og dei fleste valte å legge blomen att på minnesmerket før heimreise.

Rosetog: Til slutt gjekk dei frammøtte i rosetog gjennom sentrum. Tokke Arbeidarparti leda an.
Powered by Labrador CMS