Samla i prosessen: Rådmann Jan Myrekrok fortel at alle kommunedirektørane i Vest-Telemark fekk koma med innspel til mandatet for PwC-rapporten, dei var alle respondentar, og fekk alle ut rapporten i november 2023.
Øystein Øygarden
Vinjerådmannen om PPT-rapporten: – Det har over år vore misnøye med samarbeidet mellom kommunale tenester og PPT både administrativt og politisk
I desember 2022 fekk rådmannen i Vinje i oppdrag å evaluere dagens PPT-teneste av eit samrøystes kommunestyre. Han forklarar at PwC-rapporten er eit svar på denne bestillinga.
Ønsket om ei utgreiing hadde eit bakteppe. Tilsynssaka frå Statsforvaltaren i 2022 med avvik knytt til mellom anna dei sakkunnige vurderingane og ventetid var ein faktor; attendemeldingar frå rektorar og barnehagestyrarar i Vinje om ressursbruk og tenesteomfang i PPT ein annan.
– Elles har det over år vore misnøye med samarbeidet mellom kommunale tenester og PPT både administrativt og politisk, legg rådmannen til.
Ei evaluering av tenesta vart derfor teke inn i saka om endra selskapsavtale i Vest-Telemark PPT IKS når denne vart handsama i desember. Her er også grunnen til at selskapsavtala var til handsaming verd å nemne, meiner Myrekrok.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP