Vil skape meir liv i grendelaget i jubileumsåret. – Her kjem det til å vera mange skattar
Grendelaget i Åsgrend feirar 100-årsjubileet til skulebygget med loppemarknad laurdag 30. august – og haustfest i oktober.
– Me har lyst til å skape litt meir liv i bygda.
Det seier Janne Heggtveit i styret i grendelaget. Ho har nettopp låst opp døra til den 100 år gamle skulebygningen, klar for den fyrste mottaksdagen av lopper. Heggtveit kan konstatere at mange alt har vore innom etter å ha rydda i kjellar og på loftet.
– Her kjem det til å vera mange skattar, reklamerer styremedlemmen med eit smil.
– Det har vore mange telefonar, held ho fram.
Sjølv er Heggtveit ivrig på loppemarknad rundt om, og ho synest det er noko heilt spesielt å reise på slike marknader i bygdene.
– Det er så god stemning, seier ho.
Til veka står grendelaget klare både torsdag og fredag til å ta imot fleire ting før laurdagens loppemarknad i grenda. Det er eit resultat av ei idémyldring i styret. I tillegg til å skape meir aktivitet i Åsgrend, er det også nødvendig å finne måtar å få inn pengar til å drifte grendehuset. Huset er tilgjengeleg for utleige og selskap – som konfirmasjonar, bursdagar og minnesamvær, i tillegg til overnatting til dømes under festivalar eller under Dyrsku’n. Heggtveit seier det er om lag ti sengeplassar og at andre etasjen er nyoppussa.
17. oktober inviterer grendelaget til haustfest på skulen i Åsgrend. Her blir det ei markering av at det er 100 år sidan skulen – som blei lagt ned i 1993 – blei tatt i bruk.
– Me vil fortelje historia om skulen, seier Heggtveit.