Lastebil køyrde av vegen
Ein lastebil hamna utfor vegen mellom Lognvik og Austbø tysdag føremiddag.
Vegen (fv3410 – mellom Høydalsmo og Rauland) har vore stengt i samband med bergingsarbeid etter at ein lastebil køyrde av vegen.
– Vegen opnar att nå, melder VTB sin journalist på staden like før klokka 12.30.