I 1921 vart ei ung kvinne frå Fyresdal tiltalt for overlagt drapsforsøk.

Personlege brev og rettsreferat vitnar om svik og smerte.

Kven var Hilda Bakken?

Og kvifor ville ho drepe Anne Ystesund?

Ulykkeleg kjærleik og mordplanar

Publisert Sist oppdatert

«Ein liten og spinkel skikkelse sit på tiltalebenken. Ho verkar sky og beskjeden, nesten hjelpelaus, og det er vanskeleg å tru at denne unge kvinna skulle ha hatt både vilje og mot til å drepe nokon». Slik skildrar journalisten i avisa Varden Hilda Bakken då rettssaka mot henne tok til våren 1921.

Ein sein kveld, to månader tidlegare, hadde 25-åringen sett seg ned for å skrive to brev, eitt til mannen sin Olav, og eitt til syster si Emma.

«Eg har tatt ein beslutning, og den er grusom, men eg held ikkje ut lenger …», skriv Hilda i breva sine.

Morgonen etter går ho til nabogarden for å drepe Anne Ystesund.

Både drapsforsøket og rettssaka som følgde vart breitt omtala i norske aviser.

Telemarksavisene Varden og Norig følgde saka tett.

Aftenposten, Dagbladet, og også amerikanske aviser skreiv om dramaet som utspant seg i Fyresdal 14. desember 1921. 


Forandrar seg 

Hilda Kristensdatter vart fødd i Mo 9. september 1896. Då ho var seksten år gamal, møtte ho Olav Olavsen for første gong. Han kom frå Fyresdal, og dei to brevveksla i seks år før dei gifta seg i 1919.

Etter bryllaupet flyttar Hilda inn på garden Bakken i Fyresdal saman med familien til Olav. I det vesle huset er det berre to rom, og her er dei åtte personar som bur saman. Hilda og Olav deler rom med broren til Olav, Knut, og sonen hans.

Ei person står framfor ei løe og eit lite hus ved skogkanten.
Bakken i Fyresdal. Illustrasjonen er laga med utgangspunkt i gamle fotografi ved hjelp av ChatGPT.

Hilda kjem godt overeins med den nye familien sin. I rettssaka omtalar ho dei som snille. Familien har heller ikkje eit vondt ord å seie om den unge kona til Olav.

Hilda er glad i mannen sin, og vil gjerne at dei to skal ha det godt. Det har dei også. Det første året. 

Men så byrjar ting å forandre seg.

Olav tek til å vere meir og meir i kyrkjestova på Veum, i kaféen som Anne Ystesund driv. 

Hilda likar det dårleg. Ho er bekymra for drikkinga til ektemannen. Før dei gifta seg lova han henne å drikke mindre. Nå drikk han meir, og kjem ofte seint heim om nettene. 

På nabogardane byrjar folk å snakke. Folkesnakket plagar den unge kona. Ho merkar også at Olav endrar seg. Han er hardare mot henne. 

«Eg tør ikkje sove trygt om nettene når han er ute. Eg er redd han kjem full heim», skriv Hilda til syster si. Også når han er edru er ho redd for mannen sin, for han har fleire gonger kome med truslar og styggord om henne, betrur ho. 

Nokre dagar før påske kjem han ikkje heim før klokka fem om morgonen.

I retten fortel Hilda at ho ein dag spør Olav om det er noko mellom han og Anne. Da slår han henne. Olavs bror Knut kjem imellom. Han prøver å snakke broren sin til rette. Også mora til Olav, Birgith, ber sonen om å vere snill med kona si.

Olav er sint i mange dagar etter dette.

Historisk teikning av folk på ein open plass mellom gamle bygningar.
Kyrkjestova på Veum. Illustrasjon er laga med utgangspunkt i gamalt fotografi ved hjelp av ChatGPT.

Hilda blir meir og meir fortvila, og tenker på å ta sitt eige liv. 

«Hadde eg ikkje vore frelst hadde eg nok gjort det au. Men eg veit så vel at her er ein Gud og ein satan derfor gruer eg meg for helvete. Skjønt eg trur mang ein gong at Gud har forlate meg. Eg har bedt, men ikkje blitt bønnhøyrt», skriv ho til Emma. 

Tek med øks

Hilda elskar mannen sin, og synest det er vondt at han trekker seg unna.

«Han beint fram hatar meg. Her gjeng eg som eit utskot for han, og det pinar meg grueleg. Han talar aldri eit ord til meg, og han gjeng som om han aldri ser meg», skriv ho til syster si.

Hilda gir Anne skulda for sitt ulykkelege ekteskap. 

«Hadde ho ikkje vore hadde me hatt eit godt samliv Olav og eg», skriv ho. Tidleg i desember bestemmer ho seg for å rydde Anne av vegen. Ho vil drepe henne. Hilda skjønner at det også vil få konsekvensar.

«Men kva eg gjer, og ikkje gjer, så kan eg aldri bli meir ulykkeleg enn eg er no. Mitt hjarta er så fullt av sår. Der er ikkje rom for fleire. Og aldri har eg det minste håp om at det nokon gong skal bli betre mellom oss», skriv ho.

Når ho natt til 14. desember legg seg ved sidan av ektemannen forstår ho at det er for siste gong.

«Det pinar meg å tenke på at det er siste natta eg ligg ved sida di», skriv ho til Olav før ho går til sengs.

Drapsforsøket

Ho søv dårleg denne natta. Ho veit at livet vil bli heilt forandra. Klokka halv sju neste morgon går ho mot fjøset på nabogarden Herstad.

Ho har med seg geværet til Olav. Planen er å skyte Anne. Men undervegs kjem ho til å tenkje på at ho ikkje er så god til å skyte. Derfor tek ho også med seg ei øks, som eit reservevåpen.

Anne har ansvar for fjøsstellet på nabogarden denne morgonen. Då ho kjem ut fjøsdøra står Hilda klar med geværet. Skotet går ikkje av. Ho får ikkje hanen til å stå, fortalde ho seinare i retten. Hilda legg frå seg geværet, tek fram øksa, og slår Anne i hovudet. Ho fell om. Hilda slår fleire gonger. Heilt til ho trur ho er død.

Då snur ho seg om, og spring mot Bakken. På veg heim ser ho for seg Olav. Ho blir redd for å møte han, tenker at han kan kome til å slå henne i hel når han finn ut kva ho har gjort. Ho spring derfor heller inn på garden Herstad. Inne i stova møter ho på Tone og Tollef, som bur på garden. Oppskaka fortel ho at ho har tatt livet av Anne, og ber dei om å ringe til lensmannen.

«Ingen av oss kunne tru at ho talte sant», sa Tone seinare i retten, men Tollef går ned i fjøset for å sjå. Der finn han Anne.

Ho låg som død i fjøsgangen.

Naboane ringer til lensmann Kjær. Saman med distriktslækjar Fjeld kjem han til garden i nitida. Lækjaren tek hand om Anne, som er hardt skadd, medan lensmannen avhøyrer Hilda.

Ho legg ikkje skjul på det ho har gjort.

Lagmannsretten i Skien

I februar skaper dramaet i Fyresdal på nytt overskrifter i dei fleste avisene i landet. Då er det rettssak. Journalistar og andre møter opp i lagmannsretten i Skien for å høyre vitneprova, så mange at det ikkje er plass til alle.

Hilda Bakken er tiltalt for overlagt drap, og erklærer seg skuldig etter tiltala. 

25-åringen er middels høg, mørk og har djupblå alvorsame augo. Ho ser ned, skriv avisa Norig.

Til å begynne med klarar ho ikkje å seie noko. Det er lenge heilt stilt i salen, formidlar journalisten.

Så følgjer utspørjinga der Hildas forhold til Anne Ystesund og mannen Olav er sentralt.

Breva ho skreiv kvelden før drapsforsøket blir lest høgt opp i retten. Det gjer inntrykk på dei frammøtte. 

Gammalt avisoppslag med teikning av kvinne og tett tekst i spalter.
Varden 9. februar 1922

Hilda får spørsmål om ho ikkje synest det var ei fæl gjerning ho har gjort.

– Jau, eg tregar og har gjort det frå fyrste dagen, svarar Hilda. 

Olav nektar å avgje forklaring og møter heller ikkje opp i retten, men Anne Ystesund, som overlever drapsforsøket, avgir si forklaring. Ho hugsar ikkje noko frå sjølve hendinga, og nektar for at ho har hatt eit kjærleiksforhold til Hildas ektemann. Men ho har kjent han heile livet, og ho vedgår at han av og til kan ha overnatta i Kyrkjestova utan at ho visste om det.

Frå Anne si side hadde det aldri vore noko uvennskap med Hilda, men ho hadde høyrt at ho var sint på henne. « Og ho svarar meg aldri om eg pratar til henne», fortel ho.

Naboane på Herstad blir også avhøyrde. Dei fortel kor oppskaka Hilda var då ho kom til garden klokka sju om morgonen, og om kor skada Anne var då dei fann henne i fjøsgangen. Vitna hadde høyrd at det var svartsjuke mellom Hilda og Olav, at han ikkje var gild mot henne, og at ho derfor var redd for mannen sin. Om Hilda hadde dei elles berre høyrd lovord. 

Ei rekke andre vitne blir avhøyrde. Mange av dei har sett Olav på Kyrkjestova, eller på veg dit. Ein har til og med sett han i senga til Anne.

Hans Moen fortel at han hadde vore mykje på Bakken. Ein gong han var der, og Olav spela på grammofonen kom Hilda inn. Då hadde Olav blitt sint og sagt «Gå ut ditt helvetes beist». Då Hilda hadde gått ut skal Olav, ifølgje vitnet, ha sagt: «Eg er ikkje redd for å sette kniven i henne, ein gong når eg vert rektig sinna». 

Hilda blir kjent skuldig i tiltalen for overlagt drap og retten dømmer henne til tre års fengsel.

Rettslokalet er stuvande fullt. Når dommane har blitt avsagte brukar folk å strøyme ut av rettslokalet, skriv redaktøren i Norig, men i dette tilfellet blir alle ståande igjen heilt stille. 

«Då dei endeleg gjekk var det med ei sår kjensle og eit varande klart minne om den karaktersterke kvinna frå Skafså som sat på tiltalebenken», formidlar han.

Smertefullt

Gunnar Ofte er dagleg leiar ved familievernkontoret i Øvre Telemark. Sjølv om denne historia om Hilda Bakken er over hundre år kan han kjenne att kjenslene ho skildrar.

– Å ikkje bli sett, høyrt, forstått og anerkjent av den som skal stå ein nærast i livet er veldig smertefullt, seier han, og når det i tillegg kjem ein konkurrerande relasjon inn i biletet, slik Hilda opplevde, blir det ekstra vondt, seier han.

Ofte understrekar at dei aller fleste som opplever samlivskrise, svik eller sjalusi, aldri tyr til vald. Når nokon gjer det er dei oftast drivne av ein djup desperasjon, meiner han.

Om Hilda hadde levd i dag, håpar Ofte at ho hadde ringt til familievernkontoret eller tatt kontakt med psykisk helseteneste i kommunen. Slike tenester fanst ikkje den gongen.

Om Hilda hadde teke kontakt med familievernkontoret, hadde også Olav blitt invitert inn til samtale. Om han hadde møtt opp og vore villig til å snakke om det som skjedde i ekteskapet, er usikkert.

– Å ta inn over seg at ein sårar den andre, kan vere vanskeleg. I staden for å ta det inn over seg, kan ein del gå i forsvar eller trekkje seg tilbake, er erfaringa til familieterapeuten.

Han er også oppteken av opplysningane om frykt, truslar og slag, som kjem fram både i Hilda sine brev og under rettssaka. I dag ville nok dette blitt omtalt som vald i nære relasjonar. 

– Det er langt større merksemd rundt dette i dag enn det var for hundre år sidan, seier Ofte. 

Han håpar at denne merksemda bidreg til å unngå alvorlege hendingar som dette.

Åra etterpå

Kva som skjedde i Fyresdal 14. desember 1921, er godt dokumentert i avisene.

Men etter rettssaka blir det stille. 

Korleis gjekk det med Anne Ystesund, Olav og Hilda Bakken etter denne traumatiske opplevinga?

Kyrkjekontoret i Fyresdal fortel at både Anne Ystesund og Olav Bakken er gravlagde på Veum kyrkjegard.

Anne Ystesund døydde i 1971. Då var ho 81 år gamal. Ho er den einaste av dei tre, så langt me veit, som hadde born. Sonen hennar August vart født i 1912, og blir i avisene omtala som «eit uekte born». August gifta seg, og flytta til Oslo. Der døydde han i 1986.

Olav Bakken, som var fødd i 1892, døydde i 1985, 93 år gamal. Han vart i mange år buande på Bakken saman med syster si Tone, fortel Inger Lise Lund Frantzen. I fleire år budde ho på garden Herstad der drapsforsøket fann stad, og far hennar har fortalt om drapsforsøket i fjøsgangen.

Ho hugsar Olav Bakken godt. 

– Eg minnast han som ein gamal og snill mann, eit arbeidsjern, seier ho.

Hilda Bakken som vart dømd til tre års fengsel, vart benåda etter halvanna år.

Ho flytta tilbake til Skafså og tok etternamnet Heimdal. Korleis livet hennar vart etter fengselsopphaldet, skriv ikkje avisene noko om. Då ho døydde sommaren 1970, 73 år gammal, stod det berre nokre få ord i dødsannonsen i Telemark Arbeiderblad:

«Vår kjære snille søster og tante døydde i dag», skriv familien, og ynskjer alle som vil følgje henne til den siste kvilestaden, på Skafså kyrkjegard, hjarteleg velkomne.

Kjelder:

Hildas brev til ektemannen Olav og systera Emma skrive 13.12.1921

Folkets dagblad 16. desember 1921

Varden 9. februar 1922

Norig 9. februar 1922

Dagbladet 13. februar 1922



Powered by Labrador CMS