Tuva Smalås Bergheim fekk stifte kjennskap med den berømte Kollen-tåka då ho gjekk Kong Haralds Ungdomsstafett i Holmenkollen.

Tuva fekk gode råd av OL-vinnarane i Holmenkollen

Tuva Smalås Bergheim fekk ei fantastisk helg i samband med World Cup-renna i Holmenkollen. 14-åringen åt middag med to OL-vinnarar laurdag kveld, før ho gjekk stafett for Telemark og Vestfold på sundag.

Publisert

Niandeklassingen var nemleg ein av fire som var tekne ut til å gå ein etappe for Telemark og Vestfold i Kong Haralds Ungdomsstafett. Den populære krinslagsstafetten for 15- og 16-åringar som blir arrangert kvart år same helga som verdscuprenna i Kollen. På kvart lag går det ein 15- og 16-åring av kvart kjønn. Tuva fekk plass på bakgrunn av det ho har prestert i vinter.

– Det var moro å få vere med på dette. Eg synest det gjekk bra sjølv om eg tapte litt i gli-partia samanlikna med dei beste. Det var likevel ei stor oppleving å få vere med på stafetten, sa Tuva, som mangla sin faste smørjar denne gongen. Pappa Bjørn var funksjonær under junior-NM i skiskyting i Heddal, og smurde skia på torsdag før ho reiste til Oslo.

Tuva gjorde ikkje noko poeng ut av det, men heilt optimalt var det ikkje for 2011-modellen som har gått så mange gode langrenn- og skiskyttarrenn i vinter. Nivået på det ho presterte i Kollen var likevel bra.

Fekk gode råd av OL-vinnarar

På middagen til landets beste 15- og 16-åringar dukka det opp tre kjende fjes. Både Einar Hedegart, Karoline Simpson-Larsen og kvinnelandslaget sin trenar Sjur Ole Svarstad tok seg god tid saman med dei unge utøvarane. Hedegart, som er vinterens store stjerneskot i norsk langrenn, fortalde om ein allsidig oppvekst og vegen til toppen. Han var ingen barnestjerne.

– Eg var seint utvikla fysisk. Det var først mot slutten av tenåra at eg byrja å gå fort på ski. Etter at eg var ferdig på vidaregåande, har eg gjort det som er mogleg for å bli ein best mogleg skiskyttar, og etter kvart langrennsløpar. Det eg har opplevd i vinter er enormt stort, sa Hedegart, som kom nesten rett frå femmilssiger i Kollen til møtet med Tuva og dei andre ungdommane, som representerer framtida til norsk langrennssport.

Mykje på farten i det siste

Karoline Simpson-Larsen, som var med og sikra Noreg eit høgst overraskande stafettgull, kom òg med gode råd til den unge vesttelen som har vore mykje på reise i det siste. 

Det starta med at Tuva la ut på ei lang reise då ho reiste til Hovudlandsrennet i langrenn på Savalen. Ho vart verande der etter at det uoffisielle noregsmeisterskapet var over.

Det var nemleg ikkje mange dagane att til det var hovudlandsrenn i skiskyting på Folldal og i same området. Tuva hadde vore på farten i nesten to veker då ho var heimom på ein snarvisitt, før blikket vart vendt mot Holmenkollen. Men det unge stortalentet i langrenn og skiskyting ser ikkje på reisinga som ei belastning. Ho slappar, som ho seier, godt av i bilen.

– Lange reiser blir ein del av kvardagen når me bur der me bur. Det blir gjerne mange timar i bil dersom me skal konkurrere utanfor krinsen, seier mamma Elisabeth Smalås Haagensen, som utgjer ein viktig del av støtteapparatet til Tuva, og den to år yngre broren som òg kjempar høgt opp på resultatlistene.

Powered by Labrador CMS