Fire dagar etter valet i 2021 vart det klart at Tobias Drevland Lund kom inn på Stortinget som utjamningsmandat for partiet Raudt. – Desse fire åra har vore både spennande og lærerike, seier han.

Tobias voks opp hos besteforeldra og interesserte seg tidleg for politikk. – Det var kampen for rettferd som gjorde at eg engasjerte meg

Etter fire år i kommunalkomiteen på Stortinget har Tobias Drevland Lund (Raudt) sett korleis mange kommunar strevar økonomisk. Han er oppteken av korleis barnevernsreforma, særleg i små kommunar, kan slå negativt ut på økonomien.

Publisert Sist oppdatert

– Dette minner meg litt om Kragerø, seier Tobias Drevland Lund.

Han er ein tur innom Treungen og ser opp på dei kvite jugendbygga. Tidlegare denne dagen har han vore på Kvito i Åmot, og på gardsbesøk i Flatdal.

Stortingspolitikaren frå Raudt, som kom inn på Stortinget gjennom utjamningsmandat for fire år sidan, er ute for å møte innbyggjarane i Vest-Telemark før valet.

Det er barnevern han helst vil snakke med VTB om. Eller mest om korleis den nye barnevernsreforma kan slå negativt ut på økonomien i små kommunar. For stortingspolitikarane har i lengre tid engasjert seg i dette, og også tatt kampen på Stortinget. 

Oppvaksen i fosterheim

Drevland Lund har sjølv erfaring med barnevern. Då han var to år flytta han inn i fosterheim til besteforeldra sine. 

– Og der har eg hatt det veldig bra, seier han. 

Kragerøguten spela fotball til han var 14, var med i teatergruppe, og starta tidleg å interessere seg for politikk. Som trettenåring meldte han seg inn i Raud ungdom, og saman med nokre eldre jenter starta han opp lokallag i Kragerø. Han var også med i Natur og ungdom. Og på den tida var det eit veldig aktivt lag i Kragerø, fortel han. 

Tobias Drevland Lund fortel om aktive ungdomsår med fotball, teater og politikk.

Så vart hobbyen jobb. Då han var 22 vart han leiar av Raud ungdom. Og då han var 25, for fire år sidan, kom han inn på Stortinget, og vart den nest yngste stortingsrepresentanten i landet. Der møtte han folk som hadde sete på Stortinget sidan før han blei født. Og blei nøydd til å lære i rekordfart.

Vil styrke kommuneøkonomien

På Stortinget har Drevland Lund vore med i kommunal- og forvaltningskomiteen. Han skjønner at det for mange kan høyrast litt kjedeleg ut. Men sjølv synest han at det har vore veldig spennande.

Han har fått sett heile Noreg. Og er oppteken av det, at ein skal kunne bu over heile landet. Også i distrikta. Han meiner det er viktig, både for å oppretthalde beredskap og matproduksjon. Og skal folk bu ute i distrikta må det vere gode tenester, meiner politikaren, som mellom anna engasjerte seg for å redde Seljord DPS då avdelinga stod i fare for å bli lagt ned i fjor haust. Då involverte han helseministeren, og reiste også opp til Seljord for å snakke med dei tilsette der. Avdelinga vart redda. 

– Og det var bra, seier Drevland Lund. 

At tingretten kom til bake til Kviteseid meiner han òg at var ein viktig seier. 

– For det er faktisk langt frå Kviteseid til Skien, seier han.

Stortingspolitikaren opplever at røyndomen kan sjå litt annleis ut frå stortingssalen enn inne i ein kommunestyresal, og meiner det er naudsynt å styrke kommuneøkonomien. 

For han ser at mange kommunar slit, og trur me fort kan kome til å sjå fleire kommunar på Robek-lista dei neste åra. Han meiner at me har råd til å bruke meir pengar både på kommunen og fylkeskommunen. 

– Men kvar vil du ta pengane frå?

– Det gjer me mellom anna ved å hente inn litt meir skatt frå dei som har høge inntekter, frå dei som har store formuar og ved å auke selskapsskatten litt, svarar politikaren.

Dyre tiltak kan føre til mindre førebygging

Barnevernsreforma, og konsekvensane denne kan få for økonomien for dei små kommunane, har Drevland Lund vore oppteken av sidan han kom inn på Stortinget. Reforma som tredde i kraft 1. januar 2022, gjev kommunane eit større ansvar for barnevernet, både fagleg og økonomisk. Kommunane har fått ei auke i rammetilskotet, men må sjølve betale for fosterheimar og institusjonsplassar om det blir behov for det. Slike tiltak er kostbare, og kan få store konsekvensar for kommuneøkonomien.

Drevland Lund ser at det har vore utfordrande for fleire av kommunane i Vest-Telemark dei siste åra. 

– Blant anna har Kviteseid vore klare på at det har vore eit problem, fortel han.

Han har føreslått ei kompensasjonsordning for kommunane, for å bøte på dei utgiftene som barnevernsreforma har ført med seg. Før sommaren var forslaget oppe i Stortinget. Raudt, Frp og SV føreslo at Stortinget skulle be regjeringa sjå på ytterlegare styrking av kompensasjonen til kommunane for barnevernsreforma, for eksempel gjennom ei auke i rammetilskotet. Forslaget vart nedstemt. 

– Eg trur ikkje det blir mindre aktuelt å presse på på barnevernssida framover med tanke på dei kostnadene me ser, seier Drevland Lund. Han meiner reforma kan få særlege konsekvensar for dei minste kommunane.

– Reforma skal bidra til å styrke arbeid med førebygging og tidleg innsats, er ikkje det bra?

– Tidleg innsats er både viktig og riktig, seier politikaren. 

Han meiner det er viktig å ha nok ressursar i skulen, gode fritidstilbod og eit system som fangar opp dei som fell utanfor. 

– Men det kan fort bli mindre pengar til førebygging dersom kommunane brukar meir på barnevernstiltak, seier han. 

Raudt-politikaren er glad for å sjå framgangen på den siste meiningsmålinga (8,0 prosent på NRK si måling som blei presentert onsdag red. merk.) , men kven som kjem til å sitte på telemarksbenken etter valet er han usikker på. I 2021 tok det fire dagar før det vart klart at han kom inn på tinget som utjamningsmandat frå Telemark. 

Nå er det ikkje mange dagar att til valet.

– Og eg er veldig spent, seier han.

Tobias Drevland Lund er ute for å møte vesttelane.



Powered by Labrador CMS