Ved hjelp av termisk drone kan bøndene redde rådyrkje før slåtten.

Til nå har bøndene redda åtte kje

– Siste året før me fekk den termiske dronen tok me livet av seks rådyrkje med slåmaskina. Det orka eg ikkje oppleve meir, seier Vidar Skarprud. I år har mjølkebonde Karoline Skarprud og familien redda åtte kje ved hjelp av drone. 

Publisert Sist oppdatert

Hjorteviltet har kalvingstid i mai-juni, og då kan ein sjå einslege rådyrkje, hjorte- eller elgkalvar, men vanlegvis er dei godt gøymd medan matmor er rett i nærleiken. For å beskytte kjea mot fiendar gøymer gjerne geita kjea i graset, medan ho sjølv står utanfor jordekanten, har mjølkebonde Karoline Skarprud erfart. 

Nå er slåtten godt i gang i Kviteseid og Skarprud fortel at dei gjerne reiser ut tidleg om morgonen når temperaturen er låg, og ein lettare kan oppdage dyr i enga, for å flyge over med termisk drone.

Desse to rådyrkjea låg godt gøymt og heilt stille nede i det høge graset.

– Om eg ser det ligg rådyrkje der, går eg ikkje bort, men me startar gjerne å slå eit anna jorde som er sjekka fyrst utan dyr, så kjem me tilbake og tar ein ny kontroll før me skal slå, fortel mjølkebonden. 

Ein ny runde med termisk drone kan oppdage dei små varme kjea når dei flyg rett over staden dei er plassert nede i graset.

– Då må eg rettleie den som går ut for å hente kjeet. Me pakkar det inn i gras for å unngå kontakt, og ber det ut av jordet me skal slå. Dronen er eit utruleg godt hjelpemiddel for oss, fortel Skarprud som har nytta drone dei fem siste sesongane. 

Far Vidar Skarprud er glad dei nå har høve til å berge dei små søte dyra. 

– Siste året før me fekk den termiske dronen tok me seks rådyrkje med slåmaskina. Det orka eg ikkje oppleve meir, så eg er glad me har drone nå, seier Vidar.

Så langt i årets fyrste slått har Skarprud funne og berga åtte rådyrkje.

Under kan du sjå video av kor godt gøymt kjea ligg når Karoline og Elisabeth bergar to søte kje. 





Powered by Labrador CMS