Studentane som har tatt fatt på det nye studiet ved USN Rauland.

Stor interesse for nytt bunadstudium

Over 40 personar søkte på dei 20 plassane ved det nye studiet «Bunadbruk og folkedrakthistorie» på Rauland. Denne veka møtte dei fyrste studentane til samling.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka har studentane den fyrste samlinga på det nye studiet «Bunadbruk og folkedrakthistorie» ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) på Rauland. Studiet gjev 30 studiepoeng og er samlingsbasert.

– Det er veldig stas for oss at me har fått dette studiet, seier instituttleiar Andrea Kasbo Rygh.

Studiet er utvikla i samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon, Norges Husflidslag og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Det var litt over 40 søkjarar til dei 20 studieplassane. Universitetet valde derfor å ta inn litt fleire, og 22 studentar har møtt opp til den fyrste samlinga.

Instituttleiaren fortel at dei var spente på kor mange som ville søkje på studiet.

– Det gjekk over all forventning, eigentleg. Det er veldig bra til å vere oss, på ein liten plass som Rauland, seier ho.

Har funne sitt kall

Ein av studentane på det nye studiet er 24 år gamle Gjertrud Raftevold Rue frå Flatdal. Dei siste åra har ho fordjupa seg i folkedrakttradisjonane i Vest-Telemark, og håpar studiet kan hjelpe henne med å finne ut kva retning ho vil gå vidare. Ho er framleis usikker på om ho vil arbeide mest praktisk eller teoretisk med bunad og folkedrakt, men veit at dette er eit fagfelt ho ynskjer å satse på.

Gjertrud Raftevold Rue ser for seg å jobbe med bunader og folkedrakter på ein eller anna måte.

Ho fortel at interessa voks fram gjennom folkedansen.

– Eg har gått mykje i bunad og sett mange ulike bunader. Det har vore veldig stas.

Det gjorde henne også nysgjerrig på historiene og tradisjonane bak. Etter kvart byrja ho både å grave i kjelder og sy litt sjølv.

– Eg føler meg nesten som ein detektiv som prøver å finne raude trådar og løyse opp i ting. Det synest eg er veldig spennande, seier ho.

Sjølv om ho enno ikkje veit nøyaktig kva retning ho vil ta vidare, er ho sikker på éin ting:

– Eg har funne mitt kall. Akkurat no er det ikkje noko anna eg kan sjå for meg å drive med. Det er ikkje noko anna som motiverer meg på same måte som å nøste opp i bunadsgreier, seier ho og ler.

Teoretisk og kulturhistorisk

Emneansvarleg Mette Vårdal seier studiet fyrst og fremst er teoretisk og kulturhistorisk.

Studentane skal mellom anna lære om folkedraktene og utviklinga fram mot bunadene, europeiske impulsar og overgangen frå folkedrakt til bunad i byrjinga av 1900-talet.

– Det handlar om den breie forståinga og konteksten til dei konkrete plagga.

Emneansvarleg Mette Vårdal (t.v.) og instituttleiar Andrea Kasbo Rygh.

Ho brukar ein gammal stakk som døme. Ein som arbeider med å rekonstruere plagget, vil vere oppteken av handverket og korleis det skal syast. På dette studiet er spørsmåla heller kven som brukte plagget, kvifor det blei brukt, i kva samanheng, kvar materiala kom frå og kva historie plagget fortel.

Studiet har også praktiske innslag, men hovudvekta ligg på kulturhistorie. 

Bakgrunnen for det nye studiet er eit uttrykt behov frå fagmiljø og organisasjonar.

Vårdal peikar på at det finst mange små fagmiljø som arbeider med bunad og folkedrakt, mellom anna ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkemuseum.

– Ein treng fleire møteplassar og fleire stader der ein kan dele og formidle kunnskap, meiner ho.

Skal sikre kunnskap for framtida

Kasbo Rygh forklarar at det er viktig å skape interesse for tradisjonane knytt til handverk og gjere folk merksame på behovet for å vidareføre kunnskapen.

– Tidlegare generasjonar sit på mykje kunnskap om handverk og materiale, men i kva grad er det vidareført til dei som er 20 år i dag? Heldigvis ser me ei veksande interesse for handverk og tradisjonar blant unge i dag.

Ho trekker også fram Vest-Telemark som eksempel på eit område med rike tradisjonar innan handverk, bunad og folkedrakt.

– Det må takast vare på, og då trengst det kunnskap om det. 

I 2024 kom bunadbruk i Noreg på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Vårdal meiner dette har ført til større merksemd.

– Det handlar om å få fram at dette er ein kulturarv det er verdt å ta vare på. Det er også viktig at ein har eit miljø som er i stand til å ta vare på det.

Ho meiner det nye studiet er ein del av arbeidet med å sikre denne kunnskapen for framtida, og seier at det ligg ei forplikting i å ha kome inn på UNESCO-lista.

Samlingar i fleire fagmiljø

Dei fire samlingane i studiet skal ikkje berre gå føre seg på Rauland. Den neste blir på Fagernes, der Norsk institutt for bunad og folkedrakt held til. Her får studentane mellom anna sjå tekstilsamlingane og møte tekstilkonservatorar.

Universitetet samarbeider også med Norsk Folkemuseum og håpar å legge nokre undervisningsdagar dit.

Instituttleiaren håpar at interessa også held seg etter det fyrste studieåret.

– Det er det som blir spennande – om det var nyheitsverdien som skapte interessa, eller om det er eit søkjegrunnlag framover. Men eg trur jo det, smiler ho.


Powered by Labrador CMS