Stipend til Symre. – Dette var skikkeleg stas
Fredag fekk Symre frå Morgedal Norsk Viseforums Artiststipend 2026.
– Dette var skikkeleg stas. Tusen takk, sa ein mållaus Symre rett etter at ho vart overraska med å få årets artiststipend frå norsk viseforum.
Ho fekk stipendet på 40 000 kroner under folkemusikkveka.
– Det er ei stor glede å få markere ein ny stor visekunstnar under Folkemusikkveka. Symre er ein unik artist som har ei stor framtid framfor seg på den norske musikkscena. Me er stolte over å få vere del av reisa hennar gjennom stipendet og det samarbeidet som ligg framfor oss nå, seier Liv Bakke Kvinlog, dagleg leiar i Norsk Viseforum, i ei pressemelding.
Ho hadde tatt turen frå Fredrikstad for å overraske Symre under konserten til viseveteranane Nordstoga og Bjella fredag kveld.
Landets største låtskrivarar i juryen
Målet med stipendet er å fremje nye stemmer i den norske visekulturen, og blir kvart år gjeve til ein uetablert artist eller gruppe som peikar framover og viser korleis visa er aktuell i vår tid. I tillegg til dei 40 000 til produksjon eller formidling av eigen musikk, mentoroppfølging i samarbeid med Musikkontoret MØST, blir det konsertar, promotering og synleggjering gjennom Norsk viseforum sine kanalar gjennom det komande året.
I årets jury har nokon av landets største låtskrivarar sete – Sondre Lerche, Trygve Skaug, Frida Ånnevik, Eva Weel Skram og Natalie Sandtorv, som representant frå Norsk viseforum.
I grunngjevinga som er skrive av Trygve Skaug står det mellom anna:
«På sine 23 år har ho alt gjeve ut tre soloalbum som har fått gode meldingar. Ho er ein svært sjølvdriven artist, og flytta nyleg tilbake til heimbygda Morgedal etter fullført musikkutdanning i Oslo, med mål om å satse vidare derfrå.
Sjølv om det er steinstøe norskspråklege viser på menyen, spenner musikken seg fritt og lettbeint over fleire sjangrar med den største sjølvsagdheit.
Godt handverk er ei treffande skildring av den komponisten, tekstforfattaren, vokalisten og instrumentalisten ho alt har utvikla seg til å bli.»
Under kan du lese heile grunngjevinga: