Eldbjørg Lognvik er logoped og stemmepedagog.
Ho ønskjer å tilby kurs i stemmebruk og formidling heime i Flatdal.
– Det er ikkje berre det du høyrer du legg merke til, seier ho.
Eldbjørg har jobba med dei mest kjende skodespelarane i landet. No vil ho ta med seg jobben til heimbygda
Det kjennest som det framleis er sommar når dei fargerike blomane til Eldbjørg Lognvik skin imot oss i eitt av drivhusa hennar heime på garden i Flatdal.
– Denne likar eg spesielt godt, seier ho, og snuser inn lukta frå ein lysrosa ein.
Kanskje akkurat denne blomen ender opp på Nutheim. Eldbjørg sel nemleg blomar og grønsaker til dei som vil kjøpe.
– Eg elskar å vere i åkeren og skulle ønskje eg kunne vere der meir, seier ho.
Ved sida av å drive åker og hage er Eldbjørg logoped og stemmepedagog, med faste jobbar og oppdrag i Telemark, Oslo og Førde. Og ein kan trygt seie at ho er ettertrakta. Teatersjefen på Nationaltheateret kan ringe når som helst. Til dømes når Liv Ullmann har regi på eit teaterstykke og dei treng hjelp asap. Meir om det seinare.
Støtte til lokalt kurskonsept
Grunnen til at me besøker Eldbjørg akkurat no er at ho har søkt Seljord kommune om støtte til å satse meir lokalt - som språk- og stemmepedagog.
Førre veke sa formannskapet i Seljord ja til å støtte det lokale kurskonseptet, som skal handle om stemmebruk, presentasjonsteknikk og formidling. Ho søkte om 25 000 kroner, og kommunedirektøren innstilte på 15 000 kroner. Etter eit framlegg frå Høgre, Frp og Ap, gjekk eit samrøystes formannskap inn for at ho burde få 25 000 kroner.
– Så moro at dei vil støtte eit slik initiativ. Det må vel bety at dei synest det verkar interessant? spør Eldbjørg.
Ho bur på garden Sannes i eit koseleg, gamalt hus som opprinneleg var ei tømre på husmannsplassen Juvskås. Foreldra hennar bur på nabogarden Sundbø, der ho voks opp.
– Detta huset blei flytta ned hit frå Juvskås og gradvis bygd på. Sjølve plassen her blei bygd opp på 30-talet. Det står 1936 på stabbursdøra, fortel Eldbjørg over ein kaffikopp i kjøkenet.
Nokre småfluger flyg forbi, og Eldbjørg seier dei er forvirra sidan ho akkurat har flytta ein «åker» med ertespirer frå stova og ut. Latteren sit laust, og Eldbjørg fortel at ho kan utvide åkeren - til eit visst punkt.
– Så langt eg får lov til av Tor Arve, spøker ho.
Tor Arve Vartdal er mannen til Eldbjørg, og dei traff kvarandre i Oslo. Tor Arve er dagleg leiar i Vest-Telemark blad. Saman har dei to søner. Familien flytta heim frå Oslo til Flatdal i 2013.
Eldbjørg stortrivst i hage og åker.
– Skulle ønskje eg kunne vere der meir, seier ho.
Stiller opp når det trengst
Eldbjørg er lærarutdanna frå Hamar og har master i logopedi i Oslo. Ho skreiv hovudfagsoppgåve på Teaterhøgskulen, og begynte å jobbe der i 1996 samtidig som ho fullførte logopedutdanninga. Etter kvart jobba ho som logoped og stemmepedagog fleire stader, parallelt med at arbeidet ved Teaterhøgskulen.
– På Teaterhøgskulen er det prioritert å skaffe skodespelarane gode verktøy. Faga eg hadde var stemme, språk, diksjon, akustikk og nynorsk, fortel ho.
Renate Reinsve, Tobias Santelmann, Ida Elise Broch, Pia Tjelta, Aksel Hennie, Jakob Oftebro og Anders Baasmo. Eldbjørg har hatt dei alle saman som elevar på Teaterhøgskulen, sjølv om ho ikkje snakkar så høgt om det. Og Erna Solberg - ja, ho har også fått stemmehjelp av Eldbjørg.
– Eg hugser me stod og hoja og herja i suiten hennar før eit landsmøte, før ho skulle halde tale, fortel Eldbjørg.
– Blei talen bra?
– Eg var ikkje til stades, men fekk nokre tekstmeldingar undervegs og blei invitert tilbake til ho seinare, så då var dei kanskje nøgde, smiler ein audmjuk ekspert, som i alle fall ikkje vil ta ære for verken skodespelarprestasjonar eller politikartaler.
Men at ho har hatt nok å gjere i Oslo er sikkert. Ulike logopedjobbar, gruppetimar på Stortinget og enkeltmøte med ministrar. Frå 2013 har ho vore fast tilsett ved Nationaltheatret, og stiller framleis opp der når det trengst. Og det kan skje brått.
– Det kortaste varselet eg har fått, var då eg sat og åt middag med Tor Arve, mamma og pappa her heime og teatersjefen ringde. Liv Ullmann hadde regi, og det var blitt litt krise. Teatersjefen spurde om eg kunne kome med ein gong. Då hadde eg ikkje lyst til å seie nei, og heiv meg i bilen for å rekkje kveldsprøva. Middagen blei ståande på bordet, fortel Eldbjørg.
Nokre av skodespelarane ho hadde på Teaterhøgskulen, tek også kontakt når dei treng hjelp.
– Eg såg nettopp filmen «Team Havnaa» her heime. Eit døme frå jobben min er at eg før innspeling av den filmen sat med Tobias (red.merk. Santelmann) og granska opptak for å analysere uttala til Erling Havnaa som Tobias skulle spele, forklarer Eldbjørg.
Ho kunne ha vore på mange teaterframsyningar i Oslo om ho ville.
– Men eg er der aldri på premierar. Då har eg sett nok, føler eg, så det gidder eg ikkje, ha, ha, ler ho.
Eldbjørg reiser ein del til Førde der ho jobbar på Nynorsk scenespråksenter, NYSS, ei avdeling ved Teater Vestland. Der hjelper ho skodespelarar med dialektomlegging og nynorsk.
– Det er ein kjempejobb å lære seg ein dialekt, men det finst ein god teknikk, utarbeidd ved Teaterhøgskulen, fortel ho.
– Eldbjørg reiser mykje til Oslo, og har jobba med mange kjende skodespelarar og politikarar.
– Eg har lyst til å halde fram med jobben, men ikkje måtte reise så langt kvar gong.
Tillit eller ikkje
Men no ønskjer altså Eldbjørg å tilby kurs på heimebane - på Nutheim Gjestgiveri eller på Tuddal høyfjellshotel. Mindre reising vil også kunne frigjere meir tid til grønsaksproduksjon og hage, noko kundane hennar har gjeve uttrykk for at dei ønskjer.
– Stemmebruk og alt det som skjer mellom folk når ein snakkar er veldig interessant. Måten du brukar stemma di på påverkar hjernen til den som lyttar.
Eldbjørg har skrive bok om dette. Ved kjøkenbordet i Flatdal sit ho no og teikner og forklarer korleis ei stemme kan skape tillit - eller ikkje. I familien, venegjengen og arbeidsmiljøet. Eldbjørg skisserer vaksen-vaksen-formidling og hersketeknikkar. På kurset vil ho blant anna snakke om stemmebruk, uttale og det å takle nervøsitet.
– Det er ikkje berre det du høyrer du legg merke til. Det er også det hjernen registrerer som du kanskje ikkje er klar over sjølv.
Ho seier det finst tusen kurs i formidling, men at ho vil kombinere fysiske øvingar med kunnskap om korleis formidling påverkar publikum, og publikum finst overalt.
– Stolar me på den som formidlar til oss? Vil me kjøpe den bilen, gå inn for det forslaget, utføre den ordren og så vidare.
Ho trekkjer fram Jens Stoltenberg som ein god formidlar, kjend for å kunne prate godt med alle då han var Nato-sjef. Og Donald Trump som er kjend for det motsette.
Og så avsluttar ho med at ho ønskjer å bidra til å trekkje fleire folk til Flatdal.
– Eg håper kursa kan bli etablerte på Nutheim eller i Tuddal. Det er moro om eg kan få lura endå fleire hit til bygda.