Simo Pietarinen er kjøkkensjef på Dalen hotel.

Simo er årets kokk. Nå ser han fram til travlare tider

Simo Pietarinen er kjøkkensjef på Dalen hotel. Rett før hotellet opna dørene for ein ny sesong vann Simo prisen for Chef of the Year i Strawberry-kjeda.

Publisert Sist oppdatert

– Det var litt overraskande at eg vann. Eg sende oppskriftene inn til konkurransen, fekk beskjed om at eg var i finalen, og så reiste eg på ferie. Så eg øvde ingenting, eg berre reiste, fortel Simo. 

Han har avslutta arbeidet for kvelden på kjøkkenet på Dalen hotel. Det er vinterferie og berre nokre dagar sidan sesongopning for det gamle hotellet. Sidan det er midt i veka er det roleg, men det er fyr på peisen og pianisten sitt trufast ved tangentane i peisstoga der nokre gjester har ei roleg stund etter middag. 

Opna med ei wow-helg

Simo viser veg innover i stovene på hotellet. Han er inne i sin andre sesong som kjøkkensjef her. 

Overgangen frå heimbyen Helsinki til Dalen var stor då han flytta hit i fjor. Men så veldig lokalkjent har han ikkje blitt endå. 

– Eg er kanskje litt arbeidsnarkoman, seier Simo og røper at han ikkje har gått nokon av turane som er så populære hos både turistar og fastbuande på Dalen og i områda rundt. 

Landskapet til Simo er kjøkkenet. Førebels er dei tre som arbeider der, men når sommaren nærmar seg og turistane strøymer til blir dei ti. Dei tilsette på kjøkkenet kjem frå ulike delar av verda. Ingen kjem frå Noreg, og det er aldri fleire enn to frå same land, fortel Simo. Slik at finnane ikkje snakkar finsk saman og spanjolane ikkje snakkar spansk saman. 

Her er arbeidsspråket engelsk og menyen fransk.

– Det franske kjøkkenet passar godt til hotellet. Tradisjonell mat med noko nytt.

Det franske har alltid vore ein favoritt for Simo – smør, fløyte, kraftige sausar. Old school, seier Simo.

Hotelldirektør Morten Leite er både stolt og glad for at kjøkkensjefen stakk av med sigeren i konkurransen Strawberry Chef of the Year 2026. Hotellkjeda, som har om lag 250 hotell i Norden og Baltikum, sin eigen kokkekonkurranse. 

Deltakarane sende fyrst inn dei oppskriftene som dei ville delta med. Etter vurderinga frå dommarane gjekk fem av dei vidare og møttest i finalen i Stockholm i februar. 

Morten synest det er stas at Simo frå Dalen hotel utmerka seg og vann over dei andre kokkane i den store hotellkjeda. 

Tidlegare har Dalen hotell vore stengt frå haust til vår, men dei siste åra har sesongen blitt stadig lenger. Og i år opna dei midt i februar. 

– Det var ei wow-helg, fortel Morten. 

Hotelldirektør Morten Leite har fullt fokus på sommaren. – Då veit me det blir travelt.

– Alt har flyte så godt og det var bra å kome i gang. Me gler oss også veldig til mai og sesongopning både for kanalbåtane og Bryggjekafeen. Me satsar på eit godt år!

Han og Kenneth K. Tangen overtok jobben som hotelldirektørar i fjor vår. Helgene framover kjem til å bli mykje besøkt, og elles har dei fullt fokus på sommaren. 

– Då veit me det blir travelt, seier Morten. 

Dei satsar nå endå meir på marknadsføring. Og at deltakarane i TV-programmet «71 grader Nord» tok turen til Dalen og hotellet i årets sesong, håpar Morten kan gjere at fleire har oppdaga det gamle eventyrhotellet og blir freista til eit besøk. 

Dalen hotel er ikkje ein stad for tilfeldigheiter. Slik er det også på kjøkkenet. Simo er ein bevisst kokk. Råvarene finn dei aller helst lokalt, og dei håpar at det blir endå meir av det i framtida. Kjøkkensjefen vil heller ikkje kaste mat, men bruke alt som brukast kan. Om han til dømes brukar graskar, vil han også bruke innmaten som mange kastar bort. Når det er snakk om kjøt er det viktig å bruke heile dyret, ikkje berre filetane. 

– Dette er viktig både på grunn av miljøet og kostnadene som går opp, seier Simo. 

Kokken er ikkje så ivrig på å lage mat til seg sjølv, det er kjedeleg – han vil lage mat til andre. Favorittretten er dessert.

– Sjokolade. Rips. Dei nordiske smakane. 

Og det må sjå fint ut. 

– Fyrsteinntrykket av maten får me jo gjennom augo, påpeikar årets kokk. 

Powered by Labrador CMS