Sigve peikar ut «den hemmelege stien» dei må sykle.

Sigve og Lauritz syklar aldri rundt denne svingen

– Her må me bruke den hemmelege stien, forklarar Sigve Martinsen og peikar langs utsida av autovernet.

Publisert

Sigve held eit godt tak i sykkelen der han står i vegkanten langs fv 38, rett rundt svingen utanfor Vrådal sentrum i retning Vråliosen.

Saman med han står mora med veslebror i vogn, kompisen Lauritz med foreldre og nok ein veslebror i vogn, og naboen Sofia og familien hennar, og også der ligg det ein veslebror i vogn.

Småbarnsfamiliane er uroa over den auka trafikken langs fv 38 i Vrådal, f.v. Patrik Magnusson med Sofia, Dessi og Ivalina Mladenova med Theodor i vogn, Ragnhild Lassemo med Lauritz på sykkel og Henry i vogn, Hanna Merete Karlsson med Sigve på sykkel og Oddvin i vogn, og far til Lauritz, Benedikt Nødland.

Det er gang- og sykkelsti frå Vrådal sentrum og fram til før denne svingen, der avkøyringa til fotballbanen er. Etter denne avkøyringa tek fylksvegen ein sving før den rettar seg ut til ei lang slette. I andre enden av sletta kjem det nokre svingar, før ei ny slette strekker seg bort til avkøyringa til skisenteret. Fartsgrensa på strekninga er 60 km/t.

Kartutsnitt med tre gule stjerner langs ein blå rute mellom innsjøar og vegar.
Fv 38 frå Vrådal. Svingen me står ved er markert med den høgre stjerna, svingen på andre sida av sletta er den midtre stjerna og avkøyringa til skisenteret er ved den venstre stjerna.

Denne strekninga blir brukt av mange fleire enn dei som bur der, fordi den leiar til skisenteret, hytter og golfbane. Den er også del av ein populær bygderunde der ein kan koma seg attende til Vrådal over slusene.

No er det sundag ettermiddag og helgetrafikken durar forbi jamt og trutt. Me står inn ein stikkveg for å ikkje risikere at nokon blir køyrd på.  

Det er sundag og til tider tett trafikk medan me står og snakkar om tryggleiken ved fylkesvegen. Sigve og Sofia (med blå og rosa sykkelhjelm) og familiane deira bur i husa me ser på andre sida av vegen.

– Det er verst rundt svingane i kvar ende, forklarar Hanna Merete Karlsson, og peikar mot svingen rett ved oss og den i andre enden av sletta. Det gjer at Sigve ikkje kan sykle på besøk til venen Lauritz, sjølv om dei berre bur eit par kilometer frå kvarandre.

Frå uro til frykt

Trafikkmengda på strekninga har uroa foreldra gjennom fleire år. Ofte ser farten ut til å vere over grensa på 60, og sletta me står ved kan vere freistande å køyre forbi på.

Denne helga har det dessutan vore Straand bilfinale, som samlar mange spreke bilar i bygda. Då er kan det vere ekstra mange som dreg på litt ekstra.

Dei siste månadane har foreldra fått endå meir å uroe seg over i kvardagen. På grunn av datasenterbygginga opplever dei ei stor auke av tungtrafikk som køyrer fv 38 via Vrådal og Vråliosen for å koma seg til Fyresdal.

Også hyttefolk er uroa for situasjonen. Ein av dei er Jørn Hansen, som tek ei lita pause i joggeturen sin ved familiane i vegkanten. Han har nettopp jogga rundt svingen før sletta.

– Eg spring her ofte, og av og til er det med livet som innsats, fortel han.

Hytteinnbyggar Jørn Hansen kjem joggande langs fylkesvegen medan VTB er innom for å sjå på tilhøva. – Eg spring her ofte, og det er av og til med livet som innsats, seier han.

Langs strekninga bur dessutan fleire eldre som ikkje tør å gå langs vegen lenger. Ei av dei er Anne Sanden.

For ei tid sidan var ho på veg heim til fots frå ein ven som bur litt lenger opp mot Vråliosen. Så kom ein trailer med tilhengar forbi.

– Eg heldt på å bli dregen med under hjula av dragsuget. Etter det fekk eg totalt skrekken, fortel Anne. Ho går aldri langs vegen lenger.

– Neimen om eg gjer. Og sykkelen min har eg gjeve bort, seier Anne.

Vil ha GS-veg

Alle VTB snakkar med denne sundagen er samde om kva som trengst for at tryggleiken skal bli akseptabel: Gang- og sykkelveg.

– Me vil ha gang- og sykkelveg i alle fall forbi sletta, og helst heilt bort til skisenteret. Slik det er no blir me dytta ut, for det er ikkje plass til meir enn to bilar på vegen. Det er skummelt å bu her med små barn, seier Hanna Merete.

Det har fylkeskommunen ingen planar om.

– Me har forståing for ønsket om gang- og sykkelveg vidare vestover langs fylkesveg 38 Vråliosvegen. Det er likevel mange strekningar langs fylkesvegane i Telemark der det er behov for gang- og sykkelveg, og det er ikkje nok midlar til å gjennomføre alle tiltaka, skriv rådgjevar for vegforvalting og transport Gro Landsverk Grave til VTB. Ho opplyser også at det ikkje er lagt inn gs-veg i reguleringsplanen.

Video: Bygdefolk og hyttefolk vil ha gs-veg her.

650 køyretøy i døgnet i fjor

Når det gjeld trafikkmengd, har Grave tal for denne strekninga frå 2025, altså før datasenterbygginga tok til for alvor. Då var den gjennomsnittlege trafikkmengda på fv 38 mellom fotballbanen og skisenteret om lag 650 køyretøy i døgnet. Om lag 16 prosent av desse var lange eller tunge køyretøy, opplyser Grave.

– Me har forståing for at den auka trafikken i samband med utbygginga i Fyresdal kan føre til ulemper. Fylkeskommunen har likevel ingen konkrete planar om tiltak på denne strekninga utover ordinært vedlikehald, skriv Grave.

Når det gjeld fart, har fylkeskommunen gjennomført fartsmålingar langs fylkesvegen, men det har vore nærare sentrum.

– Dersom det er ønskeleg, kan me gjennomføre ei fartsmåling på den rette strekninga vest for fotballbanen, der fartsgrensa er 60 kilometer i timen. Måleapparatet vil då registrere farta på køyretøya i begge retningar i minst éi veke, skriv Grave.

Powered by Labrador CMS