Etterisolering av tak og loft er blant fleire nye tiltak som Enova no støttar for å gjere bustader meir energieffektive.

Rekordmange bustadeigarar søkjer om pengar til energitiltak

Norske bustadeigarar har det siste halve året fått innvilga stønad til nesten 29.000 tiltak for å gjere bustadene sine meir energieffektive, gjennom ei ny støtteordning frå Enova.

Publisert

– Aldri før har Enova innvilga meir stønad til energitiltak i bustader hos folk flest her til lands enn det siste halvåret. Vi forventar endå større pågang no når oppussingssesongen startar, seier Anna Barnwell, marknadssjef for bygg og forbrukar i Enova.

Regjeringa gav i fjor Enova i oppdrag å utvide støtteordninga si for tiltak som sparer energi i bustader, slik at fleire kan få stønad til løysingar som er godt etablerte i marknaden og som ein veit verkar. Blant tiltaka som kom inn som nye på lista over stønadgodkjende tiltak var energieffektive vindauge og ytterdører, etterisolering av tak og loft, etterisolering av vegg og luft-til-vatn varmepumpe.

Endringane har gjort at norske hushald det siste halve året har søkt og fått støtte til fleire energisparande bustadtiltak ein nokon gong tidlegare. Søknader for totalt 350,3 millionar kroner til så mykje som 29.000 tiltak har vorte godkjende under denne nye og utvida støtteordninga sidan slutten av august i 2025. Til samanlikning gav Enova støtte til totalt 34.000 energitiltak i bustader i heile 2023 samla, som var det gamle rekordåret for slik stønad.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS