Folkesongar Ingebjørg Lognvik Reinholdt og bassist Mattis Kleppen.

Publikum bestemmer retninga på konserten når Ingebjørg og Mattis dreg på turné

Folkesongar Ingebjørg Lognvik Reinholdt og bassist Mattis Kleppen skal på turné i Agder og Telemark med konserten «Akkurat her, akkurat no».

Publisert

Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord vil nytte sitt store repertoar og sin kunnskap om kulturhistoria rundt – og ikkje minst historiene som finst inni songane – som utgangspunkt for ei song- og forteljarstund der publikum vil bestemme retninga for konserten. 

Målet er å skape ein ny konsert kvar gong – og idéen til konserten er inspirert av slike tradisjonelle songstunder som det vert færre og færre av rundt omkring. I tillegg vil konserten opne opp kjende og meir ukjende folkesongar og deira historier til nye publikummarar.

Reinholdt har med seg Mattis Kleppen som medmusikar. Han er kjend for slåttespel på bass og for eit uttrykk som legg vekt på det improviserte og spontane. Sørnorsk folkemusikksenter, som arrangerer turneen, meiner samspelet mellom dei to vil gi konsertane eit særpreg.

Sundag er det turnéstart i Eidsborg. I Vest-Telemark skal dei også innom Vinjehuset og Nutheim. 

Turné

Sundag 12. april – Vest-Telemark museum, Eidsborg

Arrangør: Vest-Telemark museum

Torsdag 16. april – Setesdølen, Kristiansand 

Arrangør: Kristiansand spel- og dansarlag

Fredag 17. april – Hillestad galleri, Tovdal 

Arrangør: Hillestad galleri

Torsdag 7. mai – Ibsenhuset, Skien

Arrangør: Ibsenhuset 

Fredag 8. mai – Vinjehuset, Åmot 

Arrangør: Folkeakademiet Telemark

Laurdag 9- mai – Nutheim gjestgiveri, Flatdal 

Arrangør: Seljord folkemusikklag

Powered by Labrador CMS