Terje Haugland vil at skuleelevane skal få den same gleda av fisking som han sjølv har.

Nå kan skuleelevane konkurrere om å få den største fisken

– Me vil motivere elevane til å bruke naturen som finst rett utanfor døra, seier Terje Haugland, rektor ved Flatdal oppvekstsenter. 

Publisert

Sjølv om det blir invitert til fiskekonkurranse, understrekar rektoren at prosjektet handlar om meir enn å få den største fisken. 

– Fisking handlar om mykje meir enn fangst; det handlar om naturopplevingar, meistring, tålmod og gode stunder saman med familie og vener, seier Haugland.

Terje Haugland

Alle elevar i Seljord kommune er inviterte til å vere med i fiskekonkurransen som varar frå 19. juni til skulestart. Konkurransen er eit samarbeid mellom skulane i kommunen og Seljord Jakt -og Fiskelag. Haugland gjennomførte i fjor eit liknande prosjekt for elevane i Flatdal og er glad for at tilbodet nå gjeld heile kommunen. 

Målet er å få barn og unge ut i naturen og gi dei gode opplevingar. Det er ikkje nødvendig å få fisk for å delta. Alle som sender inn bilete frå ein fisketur, er med i trekninga av premiar.

For dei som får fisk, blir det kåra største fisk ved kvar skule. Det blir også delt ut ein hovudpremie til eleven som får den største fisken i heile kommunen.

Seljord Jakt og Fiskelag sponsar premiar og kan låne ut fiskeutstyr til familiar som treng det. Premieutdeling blir arrangert ved skulane etter sommarferien.


Powered by Labrador CMS