Sove i timen: Næringssjef Styrk Fjærtoft meiner Nissedal kommune har sove i timen ved å ha straumprisavtale med tap på over 400 000 kroner i september.
Geir Ufs
Meiner kommunen brukte 416 000 kroner i september på å «fyre for kråkene»
Nissedal formannskap gjorde store augo då næringssjefen opplyste at kommunale bygg tapa 416 712 kroner i september på å ha variabel straumpris i staden for spotpris. – Flaut, meiner ordføraren.
Då Styrk Fjærtoft, næringssjef i Nissedal, var sakshandsamar for nyordninga med å gje kommunal straumstøtte til føretak som slit på grunn av høg pris, registrerte han noko med undring: Fleire av dei 14 føretaka som søkte om straumstøtte hadde med Vest-Telemark Kraftlag (VTK) variable straumprisavtaler som i snitt kosta mest dobbelt så mykje per kWt samanlikna med spotprisavtale.
I Nissedal formannskap torsdag sa næringssjefen at fleire av søkjarane i september hadde bruka meir på ei ugunstig straumprisavtale enn summen dei fekk i lokal støtte frå kommunen for den månaden.
Blei inspirert
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP