På pumpa stod det at det var fylt 20 liter. På kanna var det bare litt over 18
Å fylle ekstra mange liter diesel lønte seg ikkje for Thomas Moen Åmot frå Morgedal. Ved Tanken sin stasjon i Morgedal fekk han færre liter diesel på bilen enn han betalte for. – Dette er jo noko som ikkje skal skje, melder dagleg leiar i Tanken, Joar Skorpe.
Det er «Tanken som tel» kan ein lese på heimesida til drivstoffleverandøren Tanken, som i dag har totalt 49 stasjonar over heile Noreg. I vårt distrikt har dei stasjon i Morgedal, Flatdal og Hjartdal.
Thomas Moen Åmot bur i Morgedal, og jobbar i Brunkeberg. Tysdag stoppa han på veg heim for å fylle drivstoff då lampa varsla at det snart var heilt tomt på arbeidsbilen.
– Eg fylte full tank, men reagerte på at eg klarte å fylle 63 liter. Eg fyller oftast ved pumpene rett ved arbeidsplassen min i Brunkeberg, og då har eg ikkje klart å få på meir enn maks 58–59 liter tidlegare, seier Åmot.
Han undra seg litt etter å ha fylt drivstoff i Morgedal, og hugsa at han hadde reagert på at han fekk fleire liter enn vanleg tidlegare også. Han ringte difor pumpestasjonen og valte alternativet for kritiske feil på stasjon, og fekk snakke med ein person.
– Eg sa eg meinte det måtte vere feil på pumpa, men fekk til svar at det kunne ikkje stemme sidan pumpene ofte blei kontrollerte av Justervesenet, seier Åmot.
Ein sjekk til
Åmot henta ei 20-liters plastkanne heime, og reiste tilbake til pumpa i Morgedal, og fylte diesel på ny og stoppa då displayet viste at han hadde kjøpt 20 liter. Undrande såg han på kanna som markerte drivstoff opp til streken for litt over 18 liter.
Onsdag morgon ringte Åmot Tanken på ny, og la nok ein gong fram spørsmål om det kunne vere feil på dieselpumpa ved fyllestasjonen i Morgedal. Han kunne ikkje forstå at han fekk den dieselmengda han betala for.
– Men eg fekk ikkje så mykje gehør for påstanden denne gongen heller. Ingen takk for at du sa frå, eller dette skal me sjekke opp, dei meinte at eg tok feil, seier Åmot.
Sjå kva dagleg leiar i Tanken AS svarar lenger ned i saka.
20 liter = 16,4 kilo
Onsdag kveld fann VTB sin journalist og Åmot fram fire like 20-literskanner og ei digital vekt for å kontrollere kor mykje 20 liter frå pumpestasjonen veg for å kontrollere eksakt mengde diesel som kjem ut.
Ved hjelp av digital vekt fann me fyrst ut at ein liter diesel veg 820 gram, og dersom ein nulla ut vekta med tom kanne, fylte 20 liter frå fyllestasjonen, skulle vekta vise 16,4 kilo.
Fyrste stopp var ved Driv sin stasjon i Brunkeberg, fyllepistolen stoppa på 20 liter, og vekta viste 16,38 kilo. Turen gjekk vidare til Morgedal og Tanken sin pumpestasjon der Åmot to gonger har kontakta leverandøren for å stille spørsmål om det kunne vere noko feil med litermengda på diesel.
Kanna blei nulla på vekta, og me starta å fylle diesel til stasjonstala viste 20 liter. Vekta sa 14,9 kilo. Det var tydeleg mindre på kanna enn forventa.
Både ved Tanken i Hjartdal og Flatdal samsvara 20 liter på kanna med 20 liter frå pumpestasjone. Me kontrollerte også med vekt på dieselen som blei fylt her. Det viste ingen avvik ved dieselfylling på Tanken sine stasjonar verken i Hjartdal og Flatdal.
Joar frå Tanken beklagar
Det er Joar Skorpe frå Stavanger som er dagleg leiar og eigar av selskapet Tanken AS. VTB har lagt fram opplevinga som Åmot hadde ved fyllinga av privatbilen og kontrollfyllingane lokalavisa har gjennomført ved Tanken si dieselpumpe i Morgedal.
Skorpe svarar at han har kontakta Nordic Fuels systems, etter VTB tok kontakt. Han seier at pumpa i Morgedal blei montert ny i romjula, og at han har fått opplyst at pumpene kjem ferdig kalibrert frå fabrikken.
– Men dei skal få sendt innom ein mann i helga og kontrollmåle i Morgedal. Dette er jo noko som ikkje skal skje, og avviket her er over kva som er lovkrav, ifølge det de legg fram. Så me må bare beklage ovanfor kundar, seier Skorpe.
Han legg til at det er vanleg at Justervesenet kjem på stikk-kontrollar, og at dei i Tanken også tar eigne kontroller gjennom leverandøren. Skorpe fortel at det er meir normalt at pumpene gjev litt for mykje, noko som ofte skjer på dei eldste pumpene.
– Heilt nye pumper har me til nå tatt for gitt at stemmer, og me har ikkje hatt rutine på å kontrollere desse, men dette må endrast tenker eg. Og i Morgedal ventar me på fjernpeilingsanlegg. Før desse er montert får me heller ikkje opp feil på datasystemet som ville varsla oss. Så igjen beklagar me ovanfor kundane. Frå måndag skal dette vere sjekka av pumpeleverandør og justert 100 prosent, lova Skorpe torsdag.
VTB har også kontakta Justervesenet som mellom anna fører tilsyn med drivstoffstasjonar om den aktuelle hendinga i Morgedal, men har ikkje fått svar verken per telefon eller e-post enno.
Retta feilen laurdag
Laurdag ettermiddag tar Skorpe kontakt med VTB att og melder at feilen på Tanken si pumpe i Morgedal er retta.
– No har teknikaren vore i Morgedal, og dei fann ein lekkasje i ein kopling i sugerøret. Dette har ført til at væske har gått tilbake i røret, og når ein fyller drivstiff, kjem det luft som gjer at det vert feil på teljinga. Men no er alt fiksa, så no får dei rett volum, og det er kontrollert, melder dagleg leiar i Tanken.