Fyresdalsvegen:

Bergingsarbeid i Veumdalen.

Måtte tøme lastebilen for betong før berging

Føraren av lastebilen som var involvert i ei trafikkulykke måndagsmorgonen blir sett til av ambulansepersonell.

Publisert Sist oppdatert

– Vegen er ikkje stengt, opplyser Mari Moen i politiet til Vest-Telemark blad. 

Ho seier bergingsarbeid vil pågå ei stund, men at trafikken kan passere. Ulykka skal ha skjedd mellom Vråliosen og Fyresdal. 

Oppdatert 13.17:  Det er no skore hol på tanken og mykje betong er spylt ut. Politiet opplyser at dei ventar på ein tungbergar til før lastebil blir forsøkt berga.  

Oppdatert 13.58: Berginga held fram. Dirigering blir ivaretatt fram til berging er utført. 

Brannvesenet rykte ut

Brannvesenet har rykt ut til ei trafikkulykke i Fyresdalvegen, melder Sør-Aust 110 på X. 

Meldinga kom 8.29. 

Oppdatert: 08.55: Politiet opplyser like før klokka 9 at det er snakk om singelulykke med lastebil. Det skal ikkje vera personskade. Det blir meldt om glatt vegbane. Trafikken går forbi. Naudetatane er på veg. 

Oppdatert 9.33: Naudetatane er på staden. Trafikken blir dirigert forbi i eitt felt. Føraren, som var åleine i køyretøyet, blir sjekka av ambulansepersonell på staden. Det er behov for tungbergar, og denne er bestilt, melder politiet. 

Oppdatert 10.01: Det er betong på køyretøyet. Brannvesenet vil tøme betongen for å få berga køyretøyet. Brannvesenet vil deretter fjerne dette med gravmaskin i ettertid. Det vil som følge av dette ta ei tund før berging er utført av tungbergar, men trafikken går fint forbi staden. Førar er tatt med til sjekk på legekontor, melder politiet. 

Powered by Labrador CMS