Kultursjef Anne Margrethe Espelid set pris på innsatsen Margit Kiland gjer som frivillig litteraturformidlar. Og Margit er glad for samarbeidet med kultursjefen. – Eg kunne jo ha møtt på ein firkanta byråkrat, smiler ho.

Margit blei invitert på slottet

På Nissedal folkebibliotek har ein gjeng leseglade samla seg til «Bok og prat». Denne onsdagen syner kultursjef Anne Espelid eit bilde av Margit Kiland på slottsplassen. Men kva gjorde ho der? Det har Anne og Margit gleda seg til å fortelje dei andre.

Publisert

Då Margit Kiland for fem år sidan vart pensjonist og flytta til Nissedal, tok ho kontakt med biblioteket i den nye heimkommunen og spurde om ho kunne få bidra.

– Eg hadde veldig lyst til å drive med litteraturformidling, seier den pensjonerte bibliotekaren som i heile sitt liv har jobba med bøker og kultur.

Frå Bok og prat på biblioteket i Treungen.

Kultursjef Anne Espelid var glad for initiativet frå Margit.

– Me sa ja til det med ein gong, seier ho.

Brenn for litteratur

Før Margit vart pensjonist hadde ho vore med på eit kurs om Shared Reading – eller det me på norsk kallar samlesing.

Metoden vart utvikla i Liverpool, og konseptet har spreidd seg til fleire land – og nå også til Treungen.

Ein gong i månaden inviterer Margit til «Bok og prat» på biblioteket. Der les ho ein tekst for dei som kjem. Etterpå snakkar dei saman og undrar seg over teksten.

– Det blir ofte veldig fine samtalar, seier Margit. 

Ho er glad for å kunne bidra til å spreie litt leseglede.

– Det betyr mykje for meg.

Oppmøtet er også godt. Det blir fleire og fleire rundt bordet.

– Eigentleg for mange seier den sertifiserte samlesaren. Men me har blitt einige om at me ikkje skal seie nei til nokon, seier ho.

Kultursjef Anne meiner Margit er god til å finne litteratur, og at ho også les på ein behageleg måte.

– Eg trur det er derfor mange kjem, fordi ho har ei god stemme. Det er behageleg å høyre på, seier Anne.

Nominert

Då kultursjefen fekk spørsmål frå Nasjonalbiblioteket om å nominere ein person frå kommunen som gjer noko ekstra for å formidle litteratur, var valet enkelt.

– Då tenkte eg med ein gong på Margit, seier Anne.

Telemark fylkeskommune hadde også følgt med på arbeidet i Nissedal, og nominerte Margit for arbeidet hennar på biblioteket i Treungen.

Bakgrunnen var at kronprinsesse Mette Marit og nasjonalbiblioteket ønskte å samle personar som er opptekne av litteratur og litteraturformidling på slottet. Margit fekk både telefon og SMS frå nasjonalbiblioteket. Dei bad om å få e-postadressa hennar.

– Dei sa eg skulle få ein personleg invitasjon frå Slottet, smiler Margit.

Til Slottet

Fem andre frå Telemark fekk same invitasjon. Margit tok toget til Oslo og gjekk saman med dei andre frå Nationaltheatret stasjon og opp til Slottet.

Der vart dei tekne imot og vist inn i den vakre festsalen, saman med ei rekke kjente forfattarar, kulturpersonar og litteraturformidlarar.

Kronprinsesse Mette Marit heldt opningstala, og takka alle dei som jobbar med litteratur og brukar stemma si.

– Det var ei fin tale. Ho er oppteken av litteratur. Det kan ingen ta frå henne, seier Margit.

Kronprinsessa las også eit dikt av Jon Fosse.

– Og han sat på første benk.

Kultur- og likestillingsministeren og den nye nasjonalbibliotekaren heldt også talar, før Fosse-prisen vart delt ut.

– Etterpå var det konsert, kanapear og bobler. Det var ei spesiell oppleving. Noko eg aldri kjem til å gløyme, seier Margit.

Overraska deltakarane

At Margit har vore på Slottet, veit ikkje deltakarane på Bok og prat denne onsdagen noko om – ikkje før no.

Ho har lese ei novelle, og dei har undra seg over teksten saman.

Margit Kiland, Mari Stana Borstad og Anne Margrethe Espelid

Når opplegget er ferdig, kjem kultursjefen og Mari Stana Borstad, som er tilsett på biblioteket, inn. Dei vil gjere litt ekstra stas på den frivillige litteraturformidlaren heime i Treungen også.

– Er det ikkje slik at det første stykket skal vere større enn kakespaden, spør Mari Stana Borstad Margit Kiland
Fekk servert eplebobler på biblioteket.

Dei har med rosa marsipankake og eplebobler. For i dag skal det vere litt fint på biblioteket også.

Deltakarane på «Bok og prat» får høyre om Margit sine opplevingar denne dagen, om Kronprinsessa som var litt rørt då ho heldt opningstala, om Fosseforedraget av fortfattaren Marilynne Robinson og om oversettaren Paula Stevens som vann årets Fosse-pris. Og så får damene i Nissedal høyre om alle dei kjekke, høflege og velkledde adjutantane som tok imot gjestene på slottet.

– Det var nesten så det var litt stussleg å kome heim att, humrar Margit.

Damene ler. Og ei av dei reiser seg.

– Eg har sagt det før. Du berikar liva våre. Takk Margit.

Margit Kiland trur ikkje folk kjem til å slutte å lese bøker. Tvert imot. Ho lurer på om det er ei aukande interesse for litteratur.
Powered by Labrador CMS