Kombinert blir fjerna frå OL
(NPK-NTB): Tysdag ettermiddag vedtok styret i IOC at kombinertsporten ikkje lenger skal vere ein del av OL-programmet.
Det stadfesta Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) i ei pressemelding etter styremøtet.
Dermed blir vinter-OL i 2030 det første utan kombinert på lista over OL-greiner.
– IOC diskuterte statusen for kombinert og valde å ikkje inkludere disiplinen i OL-programmet i Alpane i 2030, heiter det i pressemeldinga om OL-programmet i 2030.
IOC-president Kirsty Coventry uttala i ei tale tidlegare i år at det er viktig at OL utviklar seg og heng med i tida.
– Vi må vere ærlege om kva som fungerer, og nokre gonger er det endå viktigare kva som ikkje fungerer, sa IOC-presidenten utan å nemne konkrete idrettar.
Spekulasjonar
Sidan det vart klart at OL-programmet skal fornyast, har det vore mange spekulasjonar rundt framtida til kombinertsporten. No er det altså stadfesta at OL i Italia i 2026 var det siste for kombinert inntil vidare.
Kombinertsporten har vore ein av dei mest tradisjonsrike sportane på OL-programmet. Sidan vinter-OL starta i 1924, er det seks idrettar som har vore med heile vegen. Det er ishockey, kombinert, kunstløp, hopp, langrenn og skøyter.
Det vart også vurdert å droppe parallellstorslalåm for snøbrett, men det held fram på OL-programmet. Berre kombinert har vorte droppa.
Mange gull
Den norske duoen Jens Lurås Oftebro og Andreas Skoglund (lagsprint) kan dermed ha teke det siste OL-gullet i kombinert. Noreg gjorde reint bord i Italia og tok gull i alle kombinertøvingane.
Noreg har totalt 14 individuelle OL-gull i kombinert gjennom tidene. I tillegg har norske utøvarar sanka fire gull i lagøvingar.
Det første gullet kom heilt tilbake i 1924, då Thorleif Haug vann i OL i Chamonix. Det siste vart altså gullet i lagsprinten i OL i februar.
(©NPK)