Dei tre vesttelane har alle vore med i OL. Slik reagerer dei på avgjerda
I Vest-Telemark er det stolte kombinerttradisjonar. For Knut Tore Apeland, Jan Rune Grave og Magnus Krog var tysdagens beskjed tung å få.
– Det var eit slag under beltestaden. Frykteleg tungt. Stort meir er det ikkje å seie.
Jan Rune Grave frå Vrådal er den som har vore tettast på i kampen for kombinert som framleis OL-grein. Han er assisterande renndirektør for kombinert i det internasjonale skiforbundet (FIS). For fire år sidan fekk sporten eit slags gult kort av IOC (den olympisk komite). Kombinert for kvinner kom ikkje med i 2026. Signalet var at alle disiplinar i 2030 skal ha begge kjønn representerte. Det stod i praksis mellom kvinnekombinert på OL-programmet eller å sparke ut gutane. IOC valde det siste.
– Me har visst at kombinert som OL-grein har vore truga, men er likevel litt sjokkerte. Me har jobba beinhardt i fire år for å møte krava frå IOC, og meiner det er gjort ein god jobb med det, seier Grave.
Nå er Grave bekymra for framtida – for ringverknadene av beskjeden frå IOC. Kva gjer det med rekrutteringa til idretten, med sponsorstøtta, og for interessa for kombinert rundt om i verda.
– Vil unge i dag velje kombinert med denne uvissa? Det er den største bekymringa mi, seier Grave.
Grave minner om at det er inngått langtidsavtaler i verdscupen og VM blir dei neste gongene arrangert på kjende vintersportsstader; Falun (2027) , Lahti (2029) og Oberstdorf (2031).
Han vil ikkje gje opp. Han vil kjempe for idretten som har vore ein heilt sentral del av livet hans.
– Eg har vore involvert i kombinert i 40 år, seier 49-åringen frå Vrådal.
Grave fekk smake på OL-karamellen. Han representerte Noreg i Salt Lake City i 2002.
– Det er det største ein kan vera med på som utøvar. Eg hugsar godt den fyrste øvinga. Det var ein gutedraum som blei oppfylt, seier Grave.
Seinare har han vore med i OL på andre sida av bordet, som arrangør fleire gonger.
Neste veke reiser han til Planica. Her har FIS eit eige opplegg med treningsleir for ti små nasjonar. Denne turen kan bli viktigare enn han hadde sett for seg – han skal overbevise desse om at kombinertsporten framleis har ei framtid.
– Trist
For 30 år sidan var Knut Tore Apeland frå Haukeli verdas beste kombinertløpar. I 1996 vann han verdscupen samanlagt. Han var med i OL både i Albertville (1992) og Lillehammer (1994) og kom heim med to sølvmedaljar frå lagkonkurransen i båe meisterskapa.
– Dette er trist, seier Apeland om tysdagens beskjed.
Han minner om at kombinert, som ein av få idrettar, har vore på OL-programmet heilt sidan starten i Chamonix i 1924.
– Det er pengane og media som rår, seier Apeland.
Han synest avgjerda er rar. Kombinertsporten har stolte tradisjonar i store land som Austerrike og Tyskland.
Kva hugsar du best frå OL?
– Eg var så heldig å få vera med på folkefesten på Lillehammer med 100 000 tusen til stades. Det var stort.
Apeland er usikker på framtida til sporten, men minner om at det framleis blir VM annakvart år.
– Ufatteleg synd
Magnus Krog frå Høydalsmo er den einaste vesttelen med individuell OL-medalje. Han tok bronse i Sotsji i 2014, i tillegg til gull i lagkonkurransen.
Han frykta kombinert kom til å bli ofra då det blei funne plass til Randonee.
– Dette var ei dårleg nyheit. Ufatteleg synd, er den fyrste kommentaren frå Krog.
– Eg er jo ikkje einig i avgjerda til IOC. I sist OL var kombinert blant dei mest spennande øvingane. Eg får det ikkje til å henge på greip når ein ser på nivået kvinnekombinert har kome på på kort tid, legg han til.
Han håpar det blir mogleg for kombinertsporten å kome seg inn att på OL-programmet i 2034, men fryktar det blir vanskeleg.
– Kva vil dette gjera med sporten?
– Det er ikkje til å stikke under stol at OL er veldig viktig, men eg håpar sporten vil stå seg. Det er lang tid mellom kvart OL. Det blir 14 dagar med ekstremt trykk som blir borte. VM er det kvart andre år, og verdscupen held fram som før.
Han hugsar godt korleis det var for 12 år sidan. Førebuingane som starta i lang tid i førevegen. OL var tema på kvar evaluering. Treningsplanar blei lagt opp mot det ultimate målet.
– Det er noko heilt spesielt med OL, seier han.
– Nå må me gjera mest mogleg ut av VM, legg han til.
Krog er ikkje lenger så tett på kombinertmiljøet som han var i tida etter han la opp. Då var han smørjar og skitestar. I dag har han sivil jobb og tida utanom går til å vera med familien og fylgje opp dei to sønnene på 10 og 7 år.
– Har dei byrja med kombinert?
– Jada, dei er aktive både i hoppbakken og på langrenn, i tillegg til andre idrettar.