Postmann: Aasmund Hylland Vågen (8) og Kjersti Hylland Vågen (11) synest det er veldig stas at papa Jostein Hylland etter å ha vore pendlar no jobbar heime.

Jostein har overteke postruta på Møsstrond

Jostein Hylland (fødd i 1984) frå Rauland har fått kontrakten på omdeling av post til dei 24 husstandane på Møsstrond. Han er alt godt i gang med jobben.

Oppsitjarane på Møsstrond var spente på om dei framleis ville få posten sin levert på same måte som før når Posten vurderte kva som skulle gjerast med ruta etter at kontraktøren døydde i ei tragisk ulykke før jol. Fram til vidare avgjerd om ruta måtte postmottakarane hente posten sin anten på Varland eller på Spar Rauland. I byrjinga av februar blei anbodet lyst ut.

– Fem personar ynskte å få tilbodspapira, og det var tre som leverte pris. Etter fyrste samtale var det berre to som ynskte å vera med vidare. Det var to veldig gode kandidatar som blei att til slutt, fortel Jorunn Larsen, avdelingsleiar i Posten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pris og robustheit

Jostein Hylland blei den som drog det lengste strået etter at Posten hadde vurdert tildelingskriteriane der 80–90 prosent var pris og 10–20 prosent robustheit og tryggleiksforståing.

Noko robust må ein nok vera for å frakte posten til dei 24 husstandane kvar onsdag og fredag og annankvar måndag – ei rute som er kring 13 mil lang. Hylland fortel at han fort fekk prøve korleis vêr og føre kan vera.

– Alt på fyrste turen var det uvêr, med snø og vind. Så eg har fått prøva nokre slike turar, seier han.

Skuterslepa: Slik kan arbeidsvegen vera på rektig fine vårdagar.

Akkurat nå er føret svært bra, og når sola nå skal skine fleire dagar framover. Førebels er isane trygge.

– Men nå kan det gå fort, seier den nye postmannen, som fortel at isen stort sett reiser uti mai.

Sjølv om Hylland har vore mykje på Møsstrond og er godt kjend med tilhøva, er han klar på at han ikkje kjem til å vera redd for å spørje eldre folk langs det regulerte vatnet og lære av dei.

– Men det er viktig å stole på seg sjølv og veta at ein er trygg, for ein er heilt åleine. Somme gonger ser eg ikkje eit menneske på heile turen, legg han til.

Startpunkt: Postruta startar ved Holvik, og går att og fram mellom busetnadane ved Møsvatn til ho avsluttar på Argehovd.

Skal flytte til Holvik

Hylland har tilknyting til Møsstrond ved at sambuar Hege Annette Vågen og han har overteke garden Holvik som dei driv og pussar opp. Håpet er at familien, som også tel to ungar på 8 og 11 år, skal flytte dit i løpet av neste år. Dermed passar det godt at anleggsarbeidar Jostein, som også har arbeidd i Nordsjøen nokre år, no har fått seg jobb heime. Rett nok har han arbeidd på Møsstrond før; han har vore båtførar på Fjellvåken. Dét kjem han til å halde fram med – då som tilkallingsvikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båtførar: Jostein Hylland kjenner også Møsvatn som båtførar på MB Fjellvåken.