Terje Nordstoga (t.v.) og Jan Gunnar Edvardsen i ein Chevrolet Corvette 59-modell.

Ein heilt spesiell innbytebil

Terje Nordstoga og Jan Gunnar Edvardsen hos Autostrada Seljord skal selje ein Chevrolet Corvette frå 1959. Dei har ikkje hastverk.

Publisert

– Eg vil eigentleg ikkje selje denne. Eg håper den blir ståande her lenge.

Bruktbilseljar Jan Gunnar Edvardsen hos Autostrada Seljord har lagt sin elsk på ein heilt spesiell bil Autostrada har fått i innbyte; ein Chevrolet Corvette frå 1959. Dagleg leiar Terje Nordstoga seier at det er første gong i hans historie, etter 25 år i bilbransjen, at dei har fått inn ein over 60 år gamal bil i innbyte.

– Det kjem folk innom berre for å sjå på bilen, smiler Nordstoga og Edvardsen.

– Meget, meget pen C1, rett og slett eit smykke, står det i salsannonsen til Autostrada.

Chevrolet Corvette 1959 kan bli din for 1 249 000 kroner.

– Denne bilen er mest sannsynleg den einaste bilen me har for sal som kjem til å auke i verdi, seier Nordstoga.

Glad i å køyre bil

– Eg er veldig glad i å køyre bil, men denne var så fin, at eg var halvredd for å bruke den.

Det seier han som bytta inn bilen hos Autostrada, Sverre Nesheim frå Haukeli. Nå køyrer han i staden rundt i ein Mercedes 300 de.

– Det blei litt feil å ha Corvetten ståande her, når eg er så glad i å køyre bil, men måtte ha sol og fint vêr for å ta den med ut på køyretur. Då har eg meir glede av Mercedesen eg fekk i innbyte, fortel han.

Han seier han vil passe godt på Mercedesen også.

– Men det var meir omsut med Corvetten.

Nesheim fortel at han hadde ein Corvette tidlegare også, type Z06. Den hadde 659 hestekrefter.

– Men den var det vanskeleg å halde fartsgrensa med, så eg selde den for å behalde sertifikatet.

Sverre Nesheim er godt fornøgd med sin nye Mercedes 300 de.

Ikkje ein ulyd

Det var ein student som tok med seg 59-modellen, som nå er til sals hos Autostrada, frå USA til Noreg i 1982. I 1984 kjøpte Amcar-ekspert Jon Bråten bilen, og byrja å restaurere den.

– Han blei rekna som Noregs flinkaste bilbyggar, fortel Nesheim.

Bråten hadde bilen i 38 år, totalrestaurerte den, og selde den vidare. Motoren er overhala i seinare år, og bilen har blant anna fått ny kalesje. 

– 59-modell og ikkje ein ulyd, seier Edvardsen hos Autostrada.

Han kosar seg glugg når han får ta bilen ut på luftetur for VTB.

– Det er ein av dei finaste bilane me har her nå. Den har vunne mange førstepremiar i si tid, smiler han, trykker litt ekstra på gassen, og suser av garde i vårsola.

Powered by Labrador CMS