I dag er søknadsfristen til høgare utdanning: – Vel litt med hjartet, men mest med hovudet
Før midnatt har truleg over 100.000 søkt seg til studium ved høgskular og universitet til hausten.
Fristen for å søkje plass ved universitet, høgskular og fagskular er onsdag 15. april klokka 23.59. Før då må også dokumentasjon vere levert i Samordna opptak.
Det er over 1800 studium ein kan søkje på, ein kraftig auke frå i fjor. I fjor var det 142.000 søkjarar som kjempa om 65.000 studieplassar på 1383 ulike studiar.
– Eg tilrår alle å velje litt med hjartet, men mest med hovudet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) til NTB.
Viktigast å søkje
Aasland seier likevel at det viktigaste er å i det heile velje å ta høgare utdanning.
– Tenk på kva du har lyst til å bidra med i samfunnet, og våg å tenkje utradisjonelt. Vi treng fleire jenter som vel teknologi og realfag, og fleire gutar som vel velferds- og helsefag, seier ho.
Ho oppmodar særleg til å søkje teknologi- og realfag, og dessutan barnehagelærar, lærar og sjukepleiar.
– Moglegheita i arbeidsmarknaden er mykje større når du har ei høgare utdanning, anten ho er yrkesfagleg eller akademisk. Er du ung student, så søk studiar med fysisk undervisning på campus. Ein viktig del av studenttilværet er fellesskapen, seier ho.
Oppmodar til trivsel
Norsk studentorganisasjon (NSO) rår folk til å velje studiar innan tema dei interesserer seg for.
– Tenk over kva du kunne tenkje deg å jobbe med og kva slags studie- og jobbkvardag du ønskjer deg, seier leiar Sigve Næss Røtvold i NSO til NTB.
Han påpeikar at ønska ein legg inn i søknaden kan omprioriterast fram til 1. juli. Ein kan altså byte rekkefølgje på ønska, men ikkje leggje til nye.
– Familie, venner og rådgivarar på vidaregåande kan vere gode sparringpartnarar når du skal velje utdanning. Men til sjuande og sist er det ditt val som betyr noko, og det viktigaste er at du vel noko du sjølv vil trivast med, seier Røtvold.
(©NPK)