Har kalla inn sjukehusleiinga til møte i dag: Fryktar at døgnposten kan bli lagt ned

Det er mangel på overlege i psykiatri som gjer at sjukehuset Telemark har varsla dei tilsette om at døgnposten ved Seljord DPS kan bli lagt ned. Ordføraren i Seljord vil sikre seg at leiinga ved sjukehuset gjer det dei kan for å redde tilbodet.

Publisert Sist oppdatert

– Me har kalla inn sjukehusleiinga til møte i dag, fortel ordførar i Seljord Solveig Sundbø Abrahamsen.

Ho har fått ein del tilbakemeldingar frå folk som nå er bekymra for at tilbodet kan bli lagt ned.

– Og me vil spørje dei om alt som kan gjerast er gjort, seier ho. 

Det er ikkje fyrste gong ordføraren fryktar for nedlegging av avdelinga i Seljord. 

I september i fjor fekk dei tilsette på døgnposten ved Seljord DPS beskjed om at avdelinga kunne bli lagt ned før jol. Bakgrunnen var at psykiateren hadde gått av med pensjon og at sjukehuset Telemark ikkje hadde klart å rekruttere ny. 

I siste liten vart avdelinga redda. I desember inngjekk sjukehuset ei avtale med ein spesialist om å jobbe ved sjukehuset. Men engasjementet vart kortvarig. Alt i mai gav overlegen beskjed om at vedkomande ikkje ynskte å halde fram i arbeidet ved Seljord DPS, melder Telemarksavisa. Sjukehuset har sidan dette arbeidd for å rekruttere ein ny overlege, men har ikkje lykkast med det. 

Det er ikkje lov å drifte avdelinga utan spesialist. Og om sjukehuset ikkje har fått søkarar på stillinga innan 1. oktober har dei fått fullmakt frå styret til å stoppe prosessen med å rekruttere ny overlege i psykiatri. Døgntilbodet i Seljord kan då bli lagt ned. 

– Og det er trist at denne meldinga kom så kort tid etter at me jubla over at tilbodet var redda, seier Sundbø Abrahamsen.

Ho meiner dette er eit viktig lokalt tilbod for ei sårbar gruppe. Og har ikkje heilt gitt opp håpet om at det skal kome søkarar innan 1. oktober.

– Men for kvar dag som går, nærmar denne fristen seg, seier ho.

VTB har også vore i kontakt med sjukehuset Telemark, men har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå dei. 

Det var Telemarksavisa som fyrst skreiv om at tilbodet i Seljord blir lagt ned frå nyttår. 

Powered by Labrador CMS