Har du slått «hole-in-one» nokon gong?

Det har denne dama gjort.

Gunn Steinstad, kulturskulelærar i Seljord, tenker det var mest flaks.

– Eg har blitt flinkare, men at eg trefte holet er ikkje fordi eg er spesielt flink, seier ho.

Gunn slo «hole-in-one»: – Eg er vel ikkje heilt «mainstream»

– Golf er ein fristad, og mi form for helse og glede, seier Gunn Steinstad i Seljord.

Publisert

– Eg er vel ikkje heilt «mainstream» dame, seier ho og ler.

Kulturskulelærar Gunn Steinstad trur ikkje alle hadde sett den kome – at ho, trompetisten – skulle byrje å spele golf. 

– Men det er så moro! Når ein har bikka 60, og har nokre helseutfordringar, er golf veldig bra. Eg har øvd på trompet i 50 år, og trong å finne på noko anna nå. Golf inneheld så mykje positivitet! seier den blide golfaren, hentar fram golfutstyret, og gjer seg klar for nokre slag heime i hagen.

Sjå video nedst i saka!

Gunn Steinstad i hagen heime i Seljord.

Starta for tre år sidan

Førre torsdag kunne Norsjø Golfpark melde på Facebook-sida si at Gunn Steinstad hadde slått hole-in-one. For dei som ikkje er heilt inne i golf-verda; hole-in-one er å treffe eitt hol på golfbanen på første slaget, og det skjer ikkje så ofte. Gunn slo ballen rundt 88 meter – rett i holet.

– I fjor blei det spela cirka 24 000 golfrundar på anlegget. I løpet av heile sesongen hadde me cirka fem hole-in-one, seier head PRO Mattias Andreasson, som har vore Gunns trenar.

Me kjem tilbake til det heilt spesielle slaget til Gunn lenger ned i saka.

Men først; korleis gjekk det til at ho, musikar og lærar Gunn Steinstad i Seljord, plutseleg byrja å spele golf i Norsjø golfpark minst ein gong i veka, og kvifor spelar ho ikkje i Vrådal?

Vel, det starta forsiktig for tre år sidan. Då tok ho grønt-kort-kurs med eit barnebarn.

– Det var utruleg hyggeleg å gjere det i lag, fortel ho.

Ein konsentrert golfar gjer seg klar til å slå eit slag. 

– Sånn går nu dagan, seier ho, og følgjer etter golfballen bortover i hagen.

Gunn held fram med å spele på Ulefoss fordi instruktøren (red.merk Mattias Andreasson) var så «utruleg bra».

– Ein fantastisk pedagog. Ei gamal dame blir fort sjarmert når ein får kjensla av at ein er så god. Hi, hi.

At ho køyrer til Ulefoss, og ikkje til Vrådal, for å spele golf, heng også saman med at ho sjølv har vakse opp på Gvarv, og at ho besøker mor si der når ho køyrer forbi.

Neeei, oiii, søren!

– Det er viktig å finne trening som er moro når ein blir eldre. Ein får mykje mosjon i golf. På ein 18-holsbane går ein ei mil kvar gong, fortel Gunn, og slår eitt slag på den vesle øvingsbanen heime i Seljord.

På kort tid har ho blitt ganske så hekta, og det er ingenting å seie på utstyret. Ho pratar engasjert i veg om «driver», «putter», sjuer og niar – som er ulike golfkøller ein kan slå med.

– Han eg bur med har spela golf i 10–15 år. Eg har ikkje skjøna at han har bruka så mykje tid på det, men nå skjønar eg det, smiler ho.

Golfar Gunn slår nokre slag, kommenterer eigne prestasjonar med «neeeeei», «oii» og «søren», og klagar litt på at ho brukar feil golfkølle.

Gunn deler gjerne tankar og kjensler når ho spelar.

– Dette er veldig bra og moro for meg. Golf er ein fristad, og mi form for helse og glede. Og så likar eg å øve, forklarar ho.

– Golf har blitt populært, har du blitt golfspelar fordi det er trendy?

– Hm. Ja og nei. Eg byrja ikkje å spele fordi det er ei trend, men eg skjønar at fleire blir med når det blant anna er så mange kjendisar som driv med det, seier ho, og gjer seg klar til eit nytt slag.

«Å nei», seier ho, og veivar litt med armane idet golfballen rullar forbi holet.

Kjempemoro

Denne gærne dama frå Seljord fikk hole-in-one på damegolfen i dag. Alle på damegolfen gratulerer masse! Du er god! stod det på Norsjø golfpark si Facebook-side då Gunns hole-in-one var eit faktum.

Ho har fått diplom og mange gratulasjonar. Sjølv fekk ho ikkje med seg at ballen rulla rett i holet før to jenter ho spela saman med såg det. 

– Dei blei nesten meir glade enn meg. Eg blei rørt av at dei blei så glade på mine vegner. Dei sa eg måtte passe godt på ballen, og det gjer eg.

Gunn synest det er hyggeleg å bli kjend med nye folk når ho spelar golf.

– Og så er det fint å få kjenne på meistring, seier ho.

– Blir det fleire hole-in-one framover, trur du?

– Eg trur kanskje ikkje det. Eg tenker det er flaks at eg klarte det nå. Eg har blitt flinkare, men at eg trefte holet er ikkje fordi eg er spesielt flink. Sjølv om dei seier at det ikkje heiter flaks i golf, bare uflaks, ler ho.

Instruktør Mattias er glad på Gunn sine vegner.

– Eg har spela golf heile livet, og har bare slått hole-in-one ein gong. Det er mykje tilfeldigheiter som spelar inn, men det er kjempemoro. Gunn er god til å trene og har blitt veldig flink, seier han.

Mattias Andreasson har vore Gunn sin trenar.
Hole-in-one - Gunn Steinstad.

– Det blir nok ikkje hole-in-one i dag, seier Gunn, når golfballen atter ein gong rullar fobi holet i hagen.

Men så kan ho, i motsetnad til veldig mange andre golfspelarar, sjå på diplomet sitt og vete at ho faktisk har klart det ein gong.

Powered by Labrador CMS