– For meg er det viktigare at pasientar får rett hjelp, enn at hjelpa er i lokalmiljøet
Kommuneoverlege i Seljord og Kviteseid, Kine Jordbakke, er nestleiar i styret for Sjukehuset Telemark HF. Ho meiner kvalitet på tenester og behandling er viktigare enn kvar ein får hjelp.
– Eg synest det er ei vanskeleg sak.
Det seier Kine Jordbakke som er kommuneoverlege i Seljord og Kviteseid. Ho er også nestleiar i styret for Sjukehuset Telemark HF. Denne veka skal styret ho sit i avgjere skjebnen til Seljord DPS.
– Eg opplever at alle partar jobbar så godt dei kan for å løyse dette på best mogleg måte, seier ho.
– Viktigast med forsvarleg og god helsehjelp
Onsdag kom innstillinga til styremøtet frå sjukehusdirektør Tom Helge Rønning. Der står det at den beste løysinga for døgndrifta i Seljord er avvikling, og at sjukehuset heller bør tilby behandling ved andre avdelingar.
Jordbakke seier at ho som styremedlem ikkje har vore med i dialogen mellom sjukehus og administrasjon så langt.
– Det er heller ikkje naturleg at kommuneoverlegen er med i denne dialogen.
Som kommuneoverlege; kva tenker du om at døgnposten kan forsvinne frå distriktet vårt?
– Psykoseposten ved Seljord DPS har i mange år levert gode tenester til psykosepasientane i øvre Telemark. Det beste hadde sjølvsagt vore at tilbodet kunne bestå slik det er i dag. Men, viss det er slik at det ikkje er mogleg å få tilsett kvalifisert kompetanse, blir det vanskeleg. Då blir det viktigaste for meg som kommuneoverlege at pasienten får forsvarleg og god helsehjelp når dei treng det, uavhengig av om det er i Seljord, Notodden eller Skien.
Me har snakka med Katarina Dyszy Vik som har søkt på overlegestillinga ved Seljord DPS, men ikkje blitt vurdert som kvalifisert. Ho meiner sjølv ho er godt kvalifisert. Dette blir støtta av kollegaer, og tidlegare kollegaer – blant desse Ragnhild Aarrestad med 25 år bak seg på Seljord DPS. Som nestleiar i sjukehusstyret: Stolar du på sjukehusleiinga sine vurderingar om at Vik ikkje er kvalifisert?
– Eg har ikkje kjennskap eller innsyn i rekrutteringsprosessar ved Seljord DPS, eller kjenner til dei vurderingar som er blitt gjort, og har dermed ingen kommentar til denne saka.
– Vil følgje opp
Fleire pårørande, tilsette og folk i fagmiljøet har uttrykt uro over lengre reiseveg om tilbodet i Seljord forsvinn. Dei meiner at nettopp nærleik til tilbodet er heilt avgjerande for dei som er sjuke. VTB spør kommuneoverlegen kva ho tenker om det.
– For meg er det viktigare at pasientar får rett hjelp, enn at hjelpa er i lokalmiljøet. Det beste hadde sjølvsagt vore at dei fekk god hjelp i Seljord, men viss dette ikkje lar seg gjere, meiner eg kvalitet på tenesta og behandlinga er viktigare for pasientane.
Føler du deg trygg på at det som blir skissert i saka frå sjukehusdirektøren gjer at tilbodet til dei som er alvorleg psykisk sjuke i øvre Telemark ikkje blir svekka?
– Eg er fornøgd med at sjukehuset ikkje reduserer talet på plassar innanfor vaksenpsykiatrien (VOP). Det er viktig. Det er også viktig å vareta dei andre tenestene som blir levert på psykoseposten i Seljord. Dette gjeld blant anna dei polikliniske pasientane som er på tvungen behandling utan døgn, og dei pasientane som nyttar seg av dei brukarstyrte sengene. Desse pasientane skal ikkje få eit fagleg dårlegare tilbod ved ei eventuell nedlegging av tilbodet i Seljord. Dette er tema eg vil følgje opp i styremøtet neste veke.
Kjem du til å støtte tilrådinga frå sjukehusdirektøren om å avvikle døgnposten ved Seljord DPS?
– Det veit eg ikkje før saka har vore oppe og diskutert i styret onsdag.