I svaret sitt formidlar Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre at det å hindre nedbygging av sengeplassar innan psykisk helsevern er eit av hovudmåla i regjeringa si opptrappingsplan for psykisk helse.

Dette svarar helseministeren om Seljord DPS

Både Bård Hoksrud (Frp) og Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) har spurd helse- og omsorgsministeren om han vil gjere noko for å sikre framtida til døgnposten ved DPS Seljord. Nå har dei fått svar.

Publisert Sist oppdatert

 I svara til dei to stortingsrepresentantane understrekar Jan Christian Vestre (Ap) at psykisk helse er eit høgt prioritert område for regjeringa, og at eit av måla i opptrappingsplanen er å hindre nedbygginga av sengeplassar. 

Men, han meiner likevel at døgnplassar med lågt belegg eller der det er utfordringar med til dømes rekruttering, må kunne leggjast om. 

Krevjande rekruttering

Sjukehuset Telemark har opplyst at dei over lang tid har arbeidd aktivt for å rekruttere overlege til døgnposten ved Seljord DPS, utan at dei har klart å tilsetje tilstrekkeleg personell. 

Dei fortel at dei per i dag ikkje har fått søkjarar som oppfyller kvalifikasjonskrava som følgjer stillinga. Det har vore to søkjarar til stillinga denne gongen, der den eine valde å trekkje søknaden, medan den andre ikkje blir rekna for å oppfylle kvalifikasjonskrava som stillinga krev, skriv helseministeren. 

Lokalt ansvar

Vestre understrekar at det er dei regionale helseføretaka som har ansvaret for eit forsvarleg helsetilbod i sine område. Og han har bede dei om å lage ein konkret og tidfesta plan for korleis døgnkapasiteten i psykisk helsevern skal aukast fram mot 2030. 

Samstundes peikar Vestre på at sjølve løysinga på utfordringane ved DPS Seljord må løysast lokalt.

– Saka illustrerer nok dessverre dei utfordringane me ser på dette fagområdet når det gjeld å rekruttere og halde på fagleg kvalifisert helsepersonell. Dette er ei sak som må finne si praktiske løysing lokalt, skriv han.

– Sørgjeleg lesing

Det er kommentaren frå Åslaug Sem-Jacobsen. Ho meiner ministeren fullstendig overlèt psykisk helsevern i Øvre Telemark til helseføretaket, og reagerer på at folket, ved dei folkevalde, ikkje har noko å seie i saka. 



Powered by Labrador CMS