Erik Johannessen, Telemark Venstre

Erik Johannessen

Alder: 60 år

Kjem frå: Skien

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti

Eg har brei erfaring frå næringsliv i Telemark og forstår utfordringane som næringsdrivande møter.

Er opptatt av verdiskaping og at vi stiller oss sånn at vi brukar naturen i dette fantastiske fylket vårt, utan å forbruke naturen.

Likevel, vi trenger energi til industri og til privat bruk, og vi må finne måtar å hauste energi på som ikkje skadar naturen. Det er å skyte seg sjølv i beina som politikar dersom vi skal fortsette å bygge ned natur i den takt vi gjer nå.

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

Som i siste del av førre svar, vi må lære oss å hauste energi på ein slik måte at vi ikkje skader naturen. All energi på jorda kjem frå sola, og den kjem heilt gratis. Derfor må vi ta i bruk all vår innovasjonsstyrke for å finne måtar å hente inn energi som vil gjere at vi får sikker og rimeleg straum der vi treng det. 

3. Meiner du det bør leggjast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon?

Ein kombinasjon av sol, vind, vatn er lågthengende frukt. Venstre vil greie ut kjernekraft i Noreg, men dette ligg fleire tiår fram i tid.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort?

Staten bør ta ansvar for drift og vedlikehald av vegar i Noreg. Med avgrensa budsjett vil det aldri bli nok midlar i fylkeskommunane for dette behovet. Klimaendringar og aukande trafikk gjer at vi må ha gode, sikre vegar for samferdsel.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Utdanning, og turnusplanar i samarbeid. Venstre vil også i større grad ta i bruk private krefter for å møte behovet for helsepersonell.

6. Kva vil du gjere for at kommunane skal klare å handtere eldrebølgja?

Dette heng saman med spørsmål 5, men vi må rigge oss slik at vi finn nye modellar for sambruk. Det er rett og slett ikkje berekraftig slik det er mange stader i dag; vi har ikkje folk nok i arbeid til å dekke behovet. Fleire eldre fører til nye behov vi berre må løyse, både innan psykiatri og demensomsorg.

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Her vil løysinga vere å gi unge moglegheiter dei vil ha. Det betyr utdanning og interessante arbeidsoppgåver. Heldigvis har vi nå ein ganske godt utbygd datainfrastruktur, noko som gjør at svært mange typar arbeidsoppgåver kan gjennomførast desentralt, og det må vi fortsette å bygge ut

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Blir som i hovudsvaret. Fjerne skatt på urealiserte verdiar. Det er ikkje berekraftig for Noreg slik det funkar i dag.

Powered by Labrador CMS