Ein triveleg gratiskonsert med gamle svisker
– Smilet blei bare breiare og breiare etterkvart som folk strøymde til konserten. Det er mykje mogleg at me gjentek det, seier Aasulf Råmunddal frå Optimistane.
Onsdag kveld inviterte Optimistane, som er ei uformell gruppe menneske som er friskmeld eller lever med kreftsjukdom, til konsert på Sundvang kulturhus i Kviteseid.
– Takka vere økonomisk støtte frå LHL Vest-Telemark og Kviteseid frivilligsentral kunne me halde gratis konsert med musikaren Tom Bråthen frå Rjukan, fortel Aasulf Råmunddal frå Optimistane.
Han er takksam for den flotte konserten og alle som møtte fram.
– Mange song med på dei gamle sviskene som Bråthen framførte, og det var så god stemning. Tom var også fornøgd, han skøya med at han ville kome att neste veke til same tid, seier Råmunddal med eit smil.
Han fortel at Optimistane ikkje er framande for å halde fleire liknande arrangement, men fyrst skal dei samlast til det månadlege, faste treffet på Waldenstrøm kafé fyrstkomande måndag. På treffa plar dei vere rundt 15 frammøtte, men medlemstalet er om lag 25.
– Om det er vesttelar som føler at dei har lyst til å kome saman med andre som er friskmeld eller lever med kreftsjukdom, er det hjarteleg velkomne, seier Råmunddal.